torsdag 09. september 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80
Advertisement
Startside
Startside
Kontakt
Linker
Om Dølen
Dølatorget
Ukas Klå
Abonnement
Tips oss
Annonser
Det er for øyeblikket ingen spørreundersøkelser tilgjengelig å stemme på



Søk med Kvasir



Kommunene
Ein av desse blir årets Peer Skriv ut Epost
Av Bjørn Sletten   
torsdag 04. februar 2010
sissel-kyrkjebo_195.gifmagnus-carlsen_195.gifdissimilis-foto-amund-rich195.gif
Sissel Kyrkjebø, songfugl frå Bergen.                   Verdsmeister i sjakk, Magnus Carlsen.        Dissimilis, årets outsidar? 


Sissel Kyrkjebø kan bli fyrste kvinne på sju år som blir årets Peer Gynt. Men ho får konkurranse frå sjakkmeister Magnus Carlsen og Dissimilis

I midten av mars skal Stortingspolitikarane avgjera kven som får Peer Gynt-prisen for 2010. Ikkje sidan 2003 har ei kvinne mottatt den gjeve prisen, men det spørs om ikkje Magnus Carlsen sett songdronninga frå Bergen i sjakk matt. Historias yngste verdsmeister i sjakk har imponert alle, og idrettsprestasjonar har tidlegare imponert Stortingsrepresentantane, seinast i fjor, da Ole Gunnar Solskjær henta heim Peer på bukken.

Songfugl frå Bergen
Sissel Kyrkjebø er kjend frå ei rekkje plateutgivingar og framsyningar sidan midten av 80-talet.
– Ho har ei breidde i genre og musikk som famnar dei fleste aldersgrupper og musikktradisjonar, heiter det i ei pressemelding frå Peer Gynt as.
Kyrkjebø har hatt fleire internasjonale turnear, sunge saman med mange verdsberømte songarar og musikarar, og helde konsertar på mange av dei store scenene både i Europa, Asia og USA. Ho vart Årets Spellemann under utdelinga av Spellemannsprisen i 1986, og i 2006 vart ho Ridder av 1. klasse av St Olavs Orden.
– Heilt frå starten har Sissel Kyrkjebø tatt vare på den norske og skandinaviske songtradisjonen på den internasjonale arenaen, heiter det i pressemeldinga.
Sissel har og bidrege med musikk til storfilmar som ”Titanic” og hadde ei sentral rolle når filmmusikken frå ”Lord of the Rings” reiste på konsertturné.

Outsider
Dissimilis må kunne kallast outsidaren i selskapet, men Kai Zahl sine disiplar har inspirert og sjarmert ei heil verd, og vore med og betra livskvaliteten og livsgleda til mange psykisk utviklings-hemma, nasjonalt og internasjonalt. Skulle ein legge dei gamle kriteria for Peer Gynt-prisen til grunn, ville Dissimilis vore klar favoritt, men det spørs om ikkje våre folkevalte går for kjendisfaktoren også denne gongen. I mars får vi altså svaret. 

 
< Forrige   Neste >
Go to top of page Go to top of page