|
Av Knut S. Kjorstad
|
|
torsdag 04. mars 2010 |
Kursdeltakarar frå Sør-Fron Signe Kjorstad og Edda Borgen.
Medaljehøsting i siste helga av dei olympiske vinterleikane fekk ikkje ti damer til å klistra seg til fjernsyns skjermen. I staden konsentrerte dei seg om å laga fint pynta skinnfellar.
Sør-Fron – og Nord-Fron Sau og geit avelslag stod som kurshaldarar på Harpefoss skule som stilte lokal til disposisjon. Kursinstruktør Liv Toril Eldstad frå Fåberg fortel at dette er populære kurs, sjølv om det til tider kan væra problem med å skaffe egna skinn.
Produkta som vert laga er sengefell, stolfell, barnefell (voggefell) med meire. Eller som Torild vel å si: skinnfell frå vogge til grav. Frå gamalt har det vori brukt feller i området vårt. Fyrst i dei seinare åra har pyntinga her foregått slik kurset på Harpefoss skule gjer det.
|