torsdag 09. september 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80
Advertisement
Startside
Startside
Kontakt
Linker
Om Dølen
Dølatorget
Ukas Klå
Abonnement
Tips oss
Annonser
Det er for øyeblikket ingen spørreundersøkelser tilgjengelig å stemme på



Søk med Kvasir



Kommunene
Ulike rutinar for journalføring av SMS Skriv ut Epost
Av Bjørn Sletten   
torsdag 04. mars 2010
illustrasjonsfoto_sms_550.jpg
 Berre ein av midtdalskommunane har rutinar for journalføring av SMS.

All elektronisk korrespondanse skal i journalen. Men verken Sør-Fron eller Nord-Fron har rutinar for journalføring av SMS.

Ringebus ordførar Arnhild Baukhol derimot, har orden i SMS-rekneskapen. 
– SMS skal journalførast i likskap med brev som vi mottek, seier ho. 
– Har du sjølv journalført SMS? 
– Ja, men eg har kombinert e-post og mobiltelefon, så da går det automatisk via e-posten, seier Baukhol.
Diskusjonen kring journalføring av elektronisk korrespondanse i den offentlege forvaltninga skaut fart i fjor, etter at Jens Stoltenberg let vera å journalføre SMSar frå DNBNor-sjef Rune Bjerke, i samband med krisepakka til bankane. Tidlegare i år fekk eldre-byråd i Oslo, Sylvi Listhaug (Frp), krass kritikk for manglande journalføring gjennom fleire år. Sivilombodsmannen konkluderte med at ein av SMSane mellom Bjerke og Stoltenberg burde vore journalført, og la dermed press på det offentlege i samband med handteringa av elektronisk korrespondanse. 

Har vi det tru?
SMS skal altså i journalen, om det har relevans for ei bestemt sak. Informasjonen har foreløpig ikkje ført fram i  Fronskommunane, skal vi tru ordførarane. 
– Nei, har vi det tru? spør Nord-Fron-ordførar Tove Haugli attende på spørsmål om rutinar for journalføring av SMS. 
– Vi journalfører sjølvsagt e-post på same måte som vi gjer med brev, men eg har aldri tenkt over det med SMS, og kjenner ikkje til at vi har rutinar for det, seier ho.
Ordførar i Sør-Fron, Aksel Eng, journalførar heller ikkje SMS. 
– SMS blir generelt ikkje journalført hos oss, men når det kjem meldingar som nærmar seg konkrete og reelle ting, ber vi om at det blir senda på ein anna måte, seier Eng til Dølen. 
For ordens skuld tek vi med meldinga frå Rune Bjerke til statsministaren, som sivilombodsmannen meinte skulle ha vore journalført: ”Takker for det. Foreløpig er kom god. Tar kontakt hvis nødvendig. Volum, 3 år og en stø og beroligende statement er det som er viktigst nå!”
 
< Forrige   Neste >
Go to top of page Go to top of page