| søndag 05. september 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80 |
Startside
|
|
| Kommunene | ||||
|---|---|---|---|---|
|
| Startar ung tenketank |
|
|
| Av Tone Sidsel Sanden | |
| torsdag 11. mars 2010 | |
![]() Desse ungane skal delta i ein tenketank og klekke ut gode idear til utvikling av midtdalskommunane . F.v. Petter Skar, Hege Bredeveien, Mari Holmestad, Robin Kaldhusdal, Hanne Eide Myhre, Rolv Kristian Listad, og bakerst til høgre Ola Esten Røssum. (Foto: Bjørn Sletten) Dei unge sine idear skal lyttast til. Difor lanserast nå ein eigen tenketank for og med ungdom, som eit ledd i prosjektet Midt i Gudbrandsdalen 2020. Det er ungdom frå dei tre midtdalskommunene, saman med regionrådet og Vinstra vidaregåande skule som står bak tenketanken. Ungdomane som skal vere representantar er vald ut frå blant anna elevråd og ungdomsråd. – Reginonrådet for Midt-Gudbrandsdal tek den negative befolkningsutvikinga på alvor, og difor har vi sett i gang prosjektet Midt i Gudbrandsdalen 2020. Prosjektet skal inspirere til betre bumiljø, nyskapande næringsvirksomheit, og auka tilflytting til regionen vår. Med dette som bakteppe har regionrådet rådført seg med ein del av innbyggarane i dei tre kommunene, også ungdommen, seier Jan Sandbakken, koordinator i regionrådet. Prosjektet skal gå heilt fram til 2020, og er difor eit langsiktig arbeid. Det er framtida fokuset skal rettast mot. – Gjennom tenketanken skal ungdom få diskutere det dei sjølve er opptekne av. Vi har nå starta med ei lita intervjurunde med ein del elevar for å få fram statusen for Midtdalen i dag. Etter det har ballen vore kasta litt att og fram mellom oss, seier Sandbakken. Aldersgruppa på ungdommen er bevisst vald frå vidaregåande skule. – Det har noko med at dei er på siste stasjonen før dei reiser ut for å ta utdanning eller begynne i arbeidslivet. Vi må bli gode ambassadørar for det som er bra i bygdene våre, meiner Sandbakken. Vår framtid Leiar for ungdomsrådet i Nord-Fron, Ola Esten Røssum, er glad for at ungdom har fått ein slik moglegheit til å bidra i det nye prosjektet. – Dette handlar om vår framtid, og da er det supert at vi kan få vere med å seie kva vi meiner, og vere kreative når det gjeld Midt i Gudbrandsdalen 2020. Det er vi som er ungdom i dag politikarane håpar vil bu her i regionen som vaksne, seier Røssum. 24. mars inviterast det til folkemøte på Sør-Fron, og ungdommane bak tenketanken skal delta. – Der vil vi prøve å få folk til å kome med idear, og det blir starten på heile prosjektet, seier Røssum. Ungdommane skal fokusere på fire område: Kultur, idrett, bumiljø og næring. – Bumoglegheiter, kulturtilbod og barnehageplassar er blant det som er viktig for folk som skal slå seg ned på ein ny plass. Som ungdom ser vi at mange som er litt eldre enn oss, som reiser bort for å studere, ikkje kjem heim etter fullført utdanning. Det blir viktig å tilby gode jobbmoglegheiter i regionen for å trekke til seg nyutdanna unge, også dei med høgare utdanning, meiner Røssum. – Kva kan døkk som unge tilføre debatten om tettstadsutvikling? – Vi trur vi skal klare å tenkje nytt, og at det vil resultere i kreative, konstruktive og til dels ville idear! Men skal ein få til noko nytt, må ein tørre å satse, smiler leiaren i ungdomsrådet. – Er det godt å vere ung i Midtdalen slik det er i dag? – Ja, det er det. Vi har eit godt tilbod både innanfor kultur og idrett, og eg trur dei fleste trivst godt i Midt-Gudbrandsdalen. Utfordringa blir å gjere det enda meir attraktivt framover mot 2020, både for vaksne og ungdom, og det er ikkje umogleg, slår Røssum fast. |
|
| Sist oppdatert ( torsdag 18. mars 2010 ) |
| < Forrige | Neste > |
|---|










