søndag 05. september 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80
Advertisement
Startside
Startside
Kontakt
Linker
Om Dølen
Dølatorget
Ukas Klå
Abonnement
Tips oss
Annonser
Det er for øyeblikket ingen spørreundersøkelser tilgjengelig å stemme på



Søk med Kvasir



Kommunene
Bestevenner nominert til Amanda Skriv ut Epost
Av Bjørn Sletten   
torsdag 24. juni 2010
christian-lo_550.gif
Regissør Christian Lo på pressekonferansen der det vart offentleggjort at filmen hans, ”Bestevenner” er nominert til Amanda.

Vinstraregissør Christian Lo sin langfilmdebut ”Bestevenner” er nominert til Amandaprisen for beste barnefilm i 2010.

Årets nominasjonar vart gjort kjent på ei pressekonferanse i går, og ”Bestevenner” er nominert saman med ”Knerten” og ”Julenatt i Blåfjell” i barnefilmklassa. Det er fyrste gong at det blir delt ut Amandapris i ei rein barnefilmklasse.
– Det som kanskje kjenneteiknar dette filmåret aller mest, er barnefilmanes sterke posisjon. Talet på produksjonar i denne kategorien er nær dobla frå førre Amanda-år. Barnefilmane har dessutan oppnådd det beste besøket på kino, noko som teiknar veldig bra for kommande satsing på denne genren. Vi er derfor svært glade for at vi i år har fått ein eigen barnefilmpris å dele ut, seier juryleiar Ingjerd Egeberg.

Glad Lo
– Det å få ei slik anerkjenning frå andre i bransjen er utruleg artig, seier ein glad Christian Lo til Dølen. Tidlegare har filmen vunne to prisar under Montreal internasjonale filmfestival, og vorte kåra til årets beste barnefilm av dei norske kinosjefane. Likevel heng Amandapris høgt.
– Dersom vi skulle vinne, er det ei stor ære. Og ikkje minst er det viktig i forhold til å bli enda synlegare og bli lagt merke til i den norske filmmarknaden. I tillegg blir det kanskje enklare å søkje midlar til seinare produksjonar, seier Lo.
– Kva trur du om konkurransen i år?
– Dei to andre filmane som er nominerte, ”Knerten” og ”Julenatt i Blåfjell”, er båe store kommersielle suksessar, så det er vanskeleg å seie. Vi håpar sjølvsagt, men vi er strålande fornøgd med berre å vera nominert, seier Lo avslutnigsvis.   
Den 26. Amandaprisutdelinga blir sendt direkte på TV2 frå Haugesund konserthus fredag 20. august og er ein del av Den norske filmfestivalen som finn stad 18.–26. august 2010.
Sist oppdatert ( torsdag 01. juli 2010 )
 
< Forrige   Neste >
Go to top of page Go to top of page