søndag 05. september 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80
Advertisement
Startside
Startside
Kontakt
Linker
Om Dølen
Dølatorget
Ukas Klå
Abonnement
Tips oss
Annonser
Det er for øyeblikket ingen spørreundersøkelser tilgjengelig å stemme på



Søk med Kvasir



Kommunene
Cliffhanger a la Gudbrandsdalen Skriv ut Epost
Av Bjørn Sletten   
torsdag 01. juli 2010
peer_g_550.gif


Ein av årets nyskapingar på Peer Gynt-stemneprogrammet er ”Kul Tur”, i og rundt Fryajuvet. Ein tur som tek deg frå dei høgste høgder til det inste indre. Dølen testar ”Kul Tur” i Fryajuvet.

Kul Tur” i Fryajuvet er Cliffhanger, Flåklypa og ”Der ingen skulle tru …” i eitt: Dei bratte bergveggane som reiser seg rundt Fryaelva, blankskurte av uendelege og ustoppelege vassmengder gjennom åra, svaberg og stille skog, fuglekvitter og føter som trakkar over furukongler og nåler, hengebruer, ei og anna mystisk rotvekst som klamrar seg fast til fjellet  – alt akkompagnert av det konstante bruset frå Fryaelva – navet i turen og i naturen her.
– Her beveger ein seg frå roleg furuskog til det litt meir dramatiske, konstaterer Marita Aanekre, ”sydama” bak turopplegget og vår guide på turen.
Turen startar med traktorskyss frå Fryajuvet – bak høge karmar, i bedageleg tempo, komfortabelt plassert i sofaer på planet – til bakkane overfor Fryasletta, der Pilegrimsleia slynger seg av garde mellom tyskarbrakker og furuleggar.
– Her blir det rom for forteljing, litt om TidarÅ-framsyninga, den økosofiske tanken, og samspelet med naturen, seier Marita, mens vi traskar innover i skogen. Sola fell skrått inn på furutrea og får stein, mose og tre til å verke levande.
– Ved vegskiljet her kan ein snakke om Peer, og dei mange vegskilja han stod ved, seier Marita, og peiker på punktet der stien delar seg.
Om nokon syns økosofi, Peer og pilegrimar høyrest kjedeleg ut, veit dei ikkje kva dei har i vente.
– Ønsket mitt er å skape ein tur der alle etterpå kan tenkje at ”dette var noko for meg”. Det skal vera noko for alle. På denne delen av turen blir det ikkje så veldig mange halsbrekkande krumspring, men det er veldig ålreit å starte på ein slik måte, for å få skikkeleg stigning i programmet, smiler ho.  

Tid til detaljar
Vi vandrar vidare, og møter ein pilegrim på vandring motsatt veg.
– Her er det i alle fall for alle. Ein kan nesten kjøre med rullestol her, seier Marita spøkefullt. Bruset frå Frya blir sterkare og sterkare.
– Ein får følelsen av ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” og bonderomantikk, når ein kjem ut av skogen og høyrer fossen begynner å buldre. Plutseleg opnar det seg og ein ser to gardar og jorder, og tenkjer: Jøss! Bur det folk her?, ler Marita.
Stien går vidare over eit grønt jorde og graset stryk og kilar leggen der vi går. Nedafor jordet ligg glattskura svaberg, med sand, kvistar og farga steinar. Ei skattekiste for små og store.
– Her blir det saktare tempo og tid og rom for utforsking. Kjenn på dette! seier Marita, og let den fine kvite sanda renne mellom fingrane. Like nedafor svaberga kastar elva seg ut i ein vill dans, og slepp ikkje famntaket med steinar og berg før ho rullar under E6en nokre hundre meter lenger ned. Det er sterke krefter.
– Lenger oppe går elva ganske roleg. Her er elva valdsam og fryktinngytande, seier Marita, før vi blir ståande stille og sjå vatnet som fossar nedover. Det blir ikkje sagt meir på ei stund.
– Ein må prøve å gi plass til inntrykka, ikkje snakke i hel opplevinga, seier Marita omsider.

Majestetisk
Vi gir oss i veg att, vidare ned mot juvet. Skogen pakkar seg til att rundt oss. Men furunåler og kongler er bytta ut med lauvtre og ljosare treleggar. Men bruset frå Frya overdøyvar framleis det meste av anna lyd. Trappa ned til juvet ber bod om at noko stort skal skje i botnen, og for dei som har tatt turen, veit dei at møtet med Bersveinshølen, eller Fryajuet, kan ta pusten frå dei fleste.
– Etter ein tur med slike inntrykk, er det utruleg spennande å kome ned i juvet, det er jo ei oppleving i seg sjølv. Når publikum kjem ned her, skal dei få tid til å la inntrykka synke inn – vi set oss ned og nyt, seier Marita når vi tek ein pust i bakken. Fossen buldrar og det einaste som manglar er huldra som badar, meiner guiden vår. – Det er majestetisk, seier Marita. Men turen er ikkje over.

Wowfaktoren
– Vi ønskjer som sagt at dette skal vera ein tur for alle, og det er fullt muleg for veldig, veldig mange å gjennomføre ein slik tur. Men det skal vera ein ”kul tur” da, så at ein får inn nokre element som gjer at folk tenkjer at ”Wow! I fjor turte eg ikkje dette, men i år kasta eg meg ut i det”, seier Marita.
Vi skal nedover det guiden vår beskriv som ein litt spesiell veg.
– Her tek ein ikkje med seg bæremeisen, for å seie det slik, smiler ho, og held fram:
– Stien er litt kronglete, men det går bra.
Og kronglete er den. Med bandopptakar i den eine handa og kamera i den andre er det enklare sagt enn gjort å stavre seg nedover dei glatte, flate steinane med eit forræderisk lag mose over. Vi kryp vidare under ei rot som har tatt seg ein segltur med vassmassene, og lagt seg til som ein tunnel over stien vår.
– Her må du berre klamre deg fast! ropar ho.
– Her skal vi ha Ronja på eine sida og Birk på andre sida, ler ho, og peiker på ein bergskrent som heng over oss som sensor på eksamen. Terrenget stuper seg beint nedover mot ei morken hengebru og ein gamal nedlagt trafostasjon, med spøkelsesvindauga og gjennomtrekk.
– Eg har ikkje lyst til å ha nokon av turdeltakarane mine i elva, seier ho. Dette er Cliffhanger a la Gudbrandsdalen. Her blir det på med klatreselar, klipse seg inn på wiren og sette av garde over elva mot den gamle trafoen på andre sida.
– Dette er jo ikkje for oldemor. Men bestemor kan sikkert vera med! Eg hatar turar der eg må gå attende same vegen som eg kom, seier Marita.
Einaste vegen vidare, om ein da ikkje går attende, går med wire over elva.
– Så er det å gå attende til scena via fjellveggen, og la inntrykka synke inn, dingle med føtene i elva og kjenne på naturkreftene, seier ho.
Alle må ikkje gå siste biten. Men skal du ha med wowfaktoren, og få ein verkeleg Kul Tur i Fryajuvet, bør du gå heile vegen – det anbefalast!
 
< Forrige   Neste >
Go to top of page Go to top of page