søndag 05. september 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80
Advertisement
Startside
Kontakt
Linker
Om Dølen
Dølatorget
Ukas Klå
Abonnement
Tips oss
Annonser
Det er for øyeblikket ingen spørreundersøkelser tilgjengelig å stemme på



Søk med Kvasir



Kommunene
Baksia og Heraz på Rudi gard Skriv ut Epost
Av Tor Larsen   
torsdag 16. august 2007

Det blir eit gjensyn med Willy Heimstad, Alf Teigen, Trond Halle og Johan Skurdal i gruppa Heraz på Rudi gard.

Laurdag 18. august spelar Baksia på Rudi gard. Dette held på å bli ein tradisjon. I år blir det attpåtil eit musikalsk gjensyn med ”Heraz” og ”gamle” Baksia-karar.

Dei to siste åra har Baksia spelt for fulle hus på Rudi gard den tredje helga i august. Baksia treng vel ingen nærare presentasjon her i dalen. Mange av låtane er allsangstoff for unge og gamle, og gruppa har vel oppnådd ein slags kultstatus etter kvart. I år vil dei under opptredenen ha med fleire gode venner og musikarkollegaer. Låtskrivar og trubadur Arild Skar skal delta, og dessutan Tormod Myrvang (kjent frå grupper som Nashville Express, Crew og Wild Outs). Tidlegare Baksiamedlemmer Eivind Rønshaugen og Øystein Lien skal også spele med sitt gamle band.
- Baksia vil gjera alt dei kan for at det skal bli ein ”god kveld”. Alle dei kjente,gamle låtane står på repertoaret, samt stoff frå nyare utgjevingar. Vi får dessutan høyre låtar som ikkje har vore spelt ute før, lovar Trond Halle i Baksia. Han legg også til at det er spesielt artig å spele på Rudi gard.
- Musikken vår passar spesielt godt på låven, seier han.

Comeback for Heraz
Vi får også eit litt artig ”come back” på Rudi laurdag. Gruppa Heraz med utspring frå Harpefoss spelar saman for første gang på over 30 år! Heraz var aktive først på 70-talet. Dei hadde flust med spelejobbar. For det meste i Gudbrandsdalen, Østerdalen og på Hedemarken. Reper-toaret var Beatles, Stones og diverse 50- og 60-tals rock. Med i bandet var Willy Heimstad, Johan Skurdal og Trond Halle, alle frå Harpefoss, og Alf Teigen frå Lesja.
- Fleire av oss har vel ikkje spelt så alt for mykje dei siste åra, og øving kunne det vel vore meir av, men artig skal det bli, seier Willy Heimstad, som var sjef i dette bandet, som altså har sin første opptreden på over 30 år på Rudi gard laurdag.
 
< Forrige   Neste >
Go to top of page Go to top of page