fredag 30. juli 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80
Advertisement
Startside
Startside
Kontakt
Linker
Om Dølen
Dølatorget
Ukas Klå
Abonnement
Tips oss
Annonser
Det er for øyeblikket ingen spørreundersøkelser tilgjengelig å stemme på



Søk med Kvasir



Kommunene
Målpris til Baksia Skriv ut Epost
Av Geir Teigøyen   
torsdag 24. april 2008
maalpris-baksia550.jpg
Øivind Skurdal (f.v.) og Trond Halle i Baksia vart overrekt Sør-Fron dialekt- og mållag sin målpris av Knut S. Kjorstad. (Foto: Geir Teigøyen)

Dølarock-bandet Baksia er tildelt Sør-Fron dialekt- og mållag sin målpris for 2007.

- Det er lettvint å finne grunngjeving for denne prisen. Baksia har laga original bygdapop med tekster på dialekt sidan 1975, sa avtroppande leiar i Sør-Fron dialekt- og mållag, Knut S. Kjorstad då han under laget sitt årsmøte på Restaurant Napoli delte ut prisen til Øivind Skurdal og Trond Halle.
Dei tre andre medlemmene i Baksia nå for tida er Kai Harald Skriubakken, Bent Bredeveien og Pål Erik Jansen, og Baksia-medlemmene fekk kvar si innramma teikning av Albert Wadahl, med motiv frå den rivne Korsstugu på baksida av Harpefoss.
- Vi er overraska, glade og stolte. Vi ser på prisen som godkjenning og ros for at det er viktig å bruke dialekt når vi syng og spelar ute blant folk, sa Trond Halle då han takka for prisen. Det er han og Øivind Skurdal som har skrive dei fleste Baksia-tekstene og melodiane, men Trond Halle minna om at også Arild Skar og Hans Løkken har vore viktige bidragsytarar i så måte.
Musikalsk kvitterte Baksida-duoen for prisen med Øivind Skurdal si ”Fjellvise” og Trond Halle relativt nye ”Fiskekortet”.

Samanslåing?
Årsmøtet drøfta elles ei eventuell samanslåing med Nord-Fron mållag, og ei samrøystes forsamling vedtok at styret skulle drøfte saken med Nord-Fron mållag.
- Det er viktig å samle krefter og stå i hop, for det er blir viktige debattar og avgjerder i tida framover, vart det sagt frå fleire av deltakarane på årsmøtet.
Ein av desse sakene er spørsmålet om det blir bokmålsopplæring i 1. klassa som startar på Midtbygda oppvekstsenter til hausten. I følgje den såkalla 10-talsregelen, som seier at viss det er foreldre/føresette til minimum ti elevar i ei klasse som krev eit anna opplæringsmål enn det som er brukt i ein kommune, så er kommunen forplikta til å gjennomføre dette. I følgje Rasmus Stauri blir det 19 fyrsteklassingar på Midtbygda oppvekstsenter komande skuleår, og slik det ser ut nå, ønskjer foreldra til ti av desse bokmålsopplæring.
- Avgjerda er ikkje tatt, sa Rasmus Stauri, som oppmoda medlemmene i Sør-Fron dialekt- og mållag om å drive lobbyarbeid.
Etter valet har Sør-Fron dialekt- og mållag denne samansetninga: Iver Silli (leiar), Hans Wassrud (nestleiar), Hanne Skogum Monshaugen (skrivar), Gunnar Lien (kasserar) og Eldri Monshaugen (styremedlem).

 
< Forrige   Neste >
Go to top of page Go to top of page