Artikler
Delte meiningar om bondeaksjonMidtdølene støttar kravet til bøndene om betre betaling for jobben dei gjer. Men dei likar dårleg at aksjonane går utover "mannen i gata".
- Feil framgangsmåte
Samtidig er folk einige om at dei bør vera varsame med aksjonsforma.
- Eg støtter krava til bøndene, men ikkje opprøret. Det er ingen tvil om at dei skulle hatt mye betre betalt, men dette er ikkje måten å gjere det på, seier Gjermund Engum frå Ruste til Dølen.
På morgonkvisten tysdag fylte Kiwi-tilsette på Vinstra opp hyllene med fersk kaku. Da Sofie Kampesæter frå Vinstra skulle handle klokka 12, var det tomt.
Ho er ikkje einig i alt bøndene foretek seg desse dagane.
- Mat må vi sjølvsagt ha, men eg meiner bøndene kunne spart seg trusselen om mjølmangel. Det går jo an å importere mat au, seier ho.
Sjå denne vekas leiar: "Franske bønder"
Oddborg Holmestad frå Vinstra er einig.
- Dei har fått eit for dårleg tilbod, og eg forstår at dei må gjera noko, men eg syns ikkje det skal gå ut over menigmann.
- Til å få gåsehud av
Therese Rudi er leiar for Ringebu og Fåvang bonde- og småbrukarlag. Denne helga organiserte ho traktoraksjon blant midtdalsbøndene - ei aksjonsform som haustar mye støtte. 70 traktorar rulla ut på E6 søndag.
- Å sjå 70 traktorar rulle forbi Fryatun var til å få gåsehud av! Spontanaksjonen vart planlagt natt til søndag, så oppmøtet var kjempebra, fortel Therese Rudi.
Mjølblokkaden er nå oppheva, men måndag har bøndene varsla at dei inntek hovudstaden for å markere seg.
Sjå denne vekas leiar: "Franske bønder" |
Bilde: Brødhyllene på Kiwi på Peer Gynt-senteret på Vinstra vart fylt godt opp på morgonkvisten tysdag. Ikkje mange timane seinare var dei heilt reinska. Foto: Tor Larsen
Bjørn Sletten
"Dei har fått eit for dårleg tilbod, og eg forstår at dei må gjera noko, men eg syns ikkje det skal gå ut over menigmann."
![]() Bilde: Sofie Kampesæter frå Vinstra kom til hyller tome for fersk kaku i går.
|




