Artikler

- I love you Vinstra!Aldri før har ei større rockestjerne stått på ei scene i Midtdalen. Og rockelegenda John Fogerty leverte varene under onsdagens konsert under Countryfestivalen.
Kvart på elleve gjekk den levande legenda på scenen, saman med sitt seks mann store band. Og for ein konsert det vart. Her kom dei gode, gamle slagerane på rekke og rad: "Who'll stop the Rain", "Lodi" og "Susie Q" for å nemne ein handfull. Og dei som trudde 67-åringen har vorte mindre røff med åra, tok skammeleg feil.
Det var snarare tvert om.
Frå fyrste tone slo Fogerty og hans hardtslåande band an ei meir rocka tone enn vanleg er i "Countryhovudstaden" Kåja. Beintøff rock og countryrock vart levert med tonnevis av erfaring frå scena. Og publikum song og dansa villig med.
Stemma er ikkje like skarp som ho var i glansdagane: For eksempel er "As long as I can see the Light" umuleg å gjere betre live enn på plate. Men det blir bagatellar.
Ein av dei aller største
For denne skribentens del var dette den andre Fogerty-konserten eg fekk oppleve. Det er 15 år sidan sist. Eg hadde aldri trudd at det skulle skje rett utanfor mi eiga stuedør – på Vinstra. Mannen har ein låtskrivar-CV som svært få i populærmusikkhistoria kan overgå.
Topp ti? Topp fem? Det er vanskeleg å seie. Spørsmålet er nesten uunngåeleg: Forstår folk eigentleg kor stort det er at John Fogerty speler på vesle Vinstra?
Som del av klimakset mot slutten var sjølvsagt "Have you ever seen the Rain". Creedences kanskje aller mest kjente låt, der heile amfiet gynga og sang med, noko som fekk Fogerty til å utbryte: "I love you Vinstra", og "God bless you all for singin' along". Etter signaturlåta "Have you ever seen..." kjem det tørt frå bakarste rad:
- Å, eg tenkje 'n fe sjå regnet eg, om 'n bli eit par dåggå te!
Fogerty avslutta etter nokså nøyaktig to timar, sjølvsagt med "Proud Mary". Og så, kom regnet. |
Bilde: John Fogerty hadde Kåja-publikummet i si hule hand. Alle foto: Bjørn Sletten
Bjørn Sletten
"Forstår folk eigentleg kor stort det er at John Fogerty speler på vesle Vinstra?"
![]() Bilde: Mellom 4000 og 5000 besøkande fekk med seg John Fogerty i Kåja onsdag kveld.
Sjå fleire bilde her: {igallery id="8401" cid="56" pid="2" type="classic" children="1" showmenu="1" tags="" limit="0"}
|




