logo

  • Dato: 16 mai 2013, 09:58.

 

Lokalavisa for døl og dal

_________________________

Artikler

Kjerre 140612

Eit Maihaugen i miniatyr

– Ferdig blir ein aldri, seier Ståle Roven. I over 25 år har han samla gamle bygningar og gjenstandar og lagd eit Maihaugen i miniatyr i Skåbu.

 

Som aller fyrste medie fekk Dølen og Hyttemagasinet kome innom portane på Skbutunet i byrjinga av juni.

 

Gamal kjærleik rustar som kjent aldri, men den kan også vera krevjande. Og for Ståle Roven har "kjærleiken" til gamle dagars bygningar og gjenstandar gitt både glede og "grå hår".

 

– Eg har hatt interesse for antikvitetar og gamle hus heile livet. Men dette har tatt nesten alt av fritid gjennom mange år, seier Roven, der han møter Hyttemagasinet ved grinda inn til Skåbutunet.

 

 

Maihaugen i miniatyr

 

Bak porten med signaturen S. Roven inngravert i jern, ligg i underkant av ti hus. Alle frå ei svunnen tid, men gjenreist til fordums prakt. Eit par hundre meter lenger opp i bakken ligg den opprinnelege delen av tunet – der det heile starta for som lag 25 år sidan.

 

– Det begynte med at eg sette meg opp ei hytte, som etter kvart vart til eit lite setertun, forklarar Roven.

 

Sidan balla det på seg – og ikkje berre litt.

 

– Nå er det bortimot 30 hus totalt her, om vi reknar med eit hundehus og to gamle utedoar, smiler Roven.

 

Eit slags Maihaugen i miniatyr altså. Kanskje ikkje utan grunn at Roven sjølv – litt spøkefullt – har kalla seg Nord-Frons svar på Anders Sandvig. Eit av husa på tunet er frå garden Bekkum i Kvikne, innreidd nokså nøyaktig slik det såg ut på 1800-talet.

 

Sengene i kvar sin krok med skinnfellen lokkar, det same gjer den høge stabelen med gamle bøker lyst opp berre av sollyset som har fått lov – ein sjeldan gong – å sleppe til denne forsommaren.

 

– Alt inne i husa er møblar og gjenstandar som høyrer til same tidsepoke som husa dei står i. Noko er kjøpt, men mye er restaurert sjølv, seier Roven.

 

 

"Skåbuporten"

 

Over inngangsdøra til hovudhuset på garden, to langhus – opprinneleg frå Lesja – som Roven har sett saman til eitt stort hus, tårnar ein portal med vakre utskjæringar, utført av norddølen Kåre Holshagen. Det er noko kjent ved "portalen".

 

– Ja, det er den som er brukt på omslaget til Skåbuguiden, forklarar Roven.

 

Det var der vi hadde den frå, ja. Porten til Skåbu.

 

Da Roven var "ferdig" på det øvste tunet, starta arbeidet med det nedste – som stod ferdig hausten 2011. Da hadde arbeidet pågått i 17 år der også.

 

– Det begynte med Telemarkslåven som eg henta på Notodden og fekk sett opp på haugen her. Heilt aleine og gamal og herja såg det ut som eit skikkeleg fugleskremsel, hugsar Roven.

 

– Men det ser annleis ut her nå, legg han til.

 

Men 30 hus med smått og stort, samt grøntområde mellom, krev sitt. Alt skal haldast ved like, og haldast pent. Berre grasklypp og kantklypp på området tek ein dag.

 

– Så heilt ferdig blir ein aldri, seier Roven.

 

 

Jakt og fangstmuseum?

 

Ståle Roven har framleis ein drøm om å lage jakt og fangstmuseum i tilknyting til Skåbutunet, men framleis har ikkje planane latt seg realisere. Men samlinga av jakt og fangstreiskapar ligg der, og det same gjer draumen. Men før det eventuelt kan bli ein realitet, er det konkrete planar både for sommaren og hausten.

 

– I sommar blir Skåbutunet konsertarena. Under Liv Lågå inviterer vertskapet på restauranten "Hos Rødhette og Ulven" i Skåbu til konsert med Aasmund Nordstoga. Dei tykte tunet her var ei bra ramme om det, så det er jo ein bra start!

 

Skåbyggingane har to år på rad arrangert matfestival i august. Så også i år – "Nyt hausten" står igjen på programmet, og staden er Skåbutunet.

 

– Det blir som åra før, men vi prøver å fornye oss litt, kvart år, seier Roven lurt.

 

 

Ein titt inn

 

Og får Ståle det som han vil, kan dei nå også leige ut lokala.

 

– Vi kan i alle fall leige ut til småselskap Her kan vi dekke langbord til 24 personar, og overnatting er heller ikkje noko problem, seier han.

 

– Om "publikum" vil kome å sjå kva de har fått til her, er det da berre å knakke på porten?

 

– Vi opnar etter avtale, lovar Roven.

 

Og ei slik avtale er så absolutt å anbefale, med eller utan kamera og penn!

 

Saka var fyrst publisert i Hyttemagasin Gudbrandsdal i juni 2012.

Bilde: Den knall blå kjerra midt på tunet er iøynefallande, og eit slags midtpunkt på Skåbutunet. Alle foto: Bjørn Sletten

 

Bjørn Sletten
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

"Nå er det bortimot 30 hus totalt her, om vi reknar med eit hundehus og to gamle utedoar."

Ståle i døra 140612 

Bilde: Ståle Roven under den karakteristiske portalen inn til hovudhuset.

 

Sjå fleire bilde frå Skåbutunet:

{igallery id="4125" cid="55" pid="2" type="classic" children="1" showmenu="1" tags="" limit="0"}

 


 

I papiravisa denne uka

Tidlig alko-debut i Midtdalen

Tidlig alko-debut i Midtdalen

Ungdom i Midtdalen er stort sett trygge og fornøyde, men sammenligna med andre deler av landet, debuterer de tidlig med alkohol.

I magasinet denne uka

Tek eit tak

Tek eit tak

10 000 taksteinar, 2000 meter med lekt og ein real dugnadsinnsats skal sørgje for tette tak over utstilingslokala på prestegarden i Ringebu.

Se våre bilder:

Anne Thea og Knut Olafsen på skulebenken 140113

Smått eller stort - Dølen er der:

Besøk vårt bildegalleri!