logo

  • Dato: 16 mai 2013, 09:58.

 

Lokalavisa for døl og dal

_________________________

Artikler

Aasmund Nordstoga 1 060810

Liv og røre i Skåbu

Til helga skal skåbyggingane igjen vise at bygda er Liv Lågå. Og Skåburevyen er sjølvskrivne på programmet - i år under den passande tittelen "Spent berre tull". 


I Skåbu arrangerer dei også i år Liv Lågå i midten av juli, der eitt av dei desiderte høgdepunkta – i alle fall for bygdefolket – er lokalrevyen som tradisjonen tru går for fulle hus på Bygdahuset. I år har revyen fått tittelen "Spent berre tull".

 

– Det er fordi det er nettopp det: Spent berre tull, forklarar ein av aktørane, tekstforfattar og skodespelar Geir Grosberg.

 

Medrevyist Per Steinar Brendløkken nyanserer bildet noko.

 

– Det blir nok litt alvor også, smiler Brendløkken bak ei rad av særdeles skakke og forslåtte (og for ordens skuld falske) tenner. Dei har han ikledd seg i anledning fotografering, og ein spesiell seanse under årets revy.

 

– For aller fyrste gong skal vi i år gi ut julingprisen under revyen, gliser revykarane.

 

 

Rikhaldig program

 

Kven den heldige vinnaren er vil dei ikkje avsløre, så det må ein gå på revy for å få vite! Men Skåbu er altså staden i sommar, dersom ein ønskjer seg reale knyttnevekampar. Geir Grosberg skriv mange av tekstane til revyen – og det er som sagt spent berre tull. Mange av tekstane blir visstnok til på traktoren.

 

– Blant anna har vi ein sketsj i år som tek for seg og heidrar folk som har sett Skåbu på kartet, da særleg på fest, seier ein hemmelegheitsfull Grosberg til Dølen.

 

Nytt av året er ølservering attåt revyen – så blir det enda morosammare. Ølet er sjølvsagt også produsert i Skåbu – hos Arthur Bredli på Ruten fjellstue.

 

I tillegg til revyen finn ein att dei gode, gamle programpostane under årets Liv Lågå. Her er det marknadsdag, liv og moro frå utescena i Samvirkelagsgarden, familiekveld ved Slangslona, konsert med Aasmund Nordstoga og mye meir.

 

– Tidlegare år har vi vore veldig godt nøgde med oppmøtet, og vi håpar på ny rekord i år, seier Per Steinar Brendløkken.

Bilde: Aasmund Nordstoga med band speler under Skåbu Liv Lågå. Alle foto: Bjørn Sletten. 

 

Bjørn Sletten
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

"Tidlegare år har vi vore veldig godt nøgde med oppmøtet, og vi håpar på ny rekord i år."

 

Skåburevyen 2 030712
Hardslåande revygjeng: For aller fyrste gong blir "julingprisen" delt ut i Skåbu...Geir Grosberg (t.h.) og Per Steinar Brendløkken gir ein aldri så liten forsmak på moroa. 

 


 

 

I papiravisa denne uka

Tidlig alko-debut i Midtdalen

Tidlig alko-debut i Midtdalen

Ungdom i Midtdalen er stort sett trygge og fornøyde, men sammenligna med andre deler av landet, debuterer de tidlig med alkohol.

I magasinet denne uka

Tek eit tak

Tek eit tak

10 000 taksteinar, 2000 meter med lekt og ein real dugnadsinnsats skal sørgje for tette tak over utstilingslokala på prestegarden i Ringebu.

Se våre bilder:

Anne Thea og Knut Olafsen på skulebenken 140113

Smått eller stort - Dølen er der:

Besøk vårt bildegalleri!