| søndag 05. september 2010 | Lokalavisa Dølen | Tlf. 61 29 24 80 |
Startside
|
|
| Kommunene | ||||
|---|---|---|---|---|
|
| Målpris til Baksia |
| Av Geir Teigøyen | |
| torsdag 24. april 2008 | |
![]() Øivind Skurdal (f.v.) og Trond Halle i Baksia vart overrekt Sør-Fron dialekt- og mållag sin målpris av Knut S. Kjorstad. (Foto: Geir Teigøyen) Dølarock-bandet Baksia er tildelt Sør-Fron dialekt- og mållag sin målpris for 2007. - Det er lettvint å finne grunngjeving for denne prisen. Baksia har laga original bygdapop med tekster på dialekt sidan 1975, sa avtroppande leiar i Sør-Fron dialekt- og mållag, Knut S. Kjorstad då han under laget sitt årsmøte på Restaurant Napoli delte ut prisen til Øivind Skurdal og Trond Halle. Dei tre andre medlemmene i Baksia nå for tida er Kai Harald Skriubakken, Bent Bredeveien og Pål Erik Jansen, og Baksia-medlemmene fekk kvar si innramma teikning av Albert Wadahl, med motiv frå den rivne Korsstugu på baksida av Harpefoss. - Vi er overraska, glade og stolte. Vi ser på prisen som godkjenning og ros for at det er viktig å bruke dialekt når vi syng og spelar ute blant folk, sa Trond Halle då han takka for prisen. Det er han og Øivind Skurdal som har skrive dei fleste Baksia-tekstene og melodiane, men Trond Halle minna om at også Arild Skar og Hans Løkken har vore viktige bidragsytarar i så måte. Musikalsk kvitterte Baksida-duoen for prisen med Øivind Skurdal si ”Fjellvise” og Trond Halle relativt nye ”Fiskekortet”. Samanslåing? Årsmøtet drøfta elles ei eventuell samanslåing med Nord-Fron mållag, og ei samrøystes forsamling vedtok at styret skulle drøfte saken med Nord-Fron mållag. - Det er viktig å samle krefter og stå i hop, for det er blir viktige debattar og avgjerder i tida framover, vart det sagt frå fleire av deltakarane på årsmøtet. Ein av desse sakene er spørsmålet om det blir bokmålsopplæring i 1. klassa som startar på Midtbygda oppvekstsenter til hausten. I følgje den såkalla 10-talsregelen, som seier at viss det er foreldre/føresette til minimum ti elevar i ei klasse som krev eit anna opplæringsmål enn det som er brukt i ein kommune, så er kommunen forplikta til å gjennomføre dette. I følgje Rasmus Stauri blir det 19 fyrsteklassingar på Midtbygda oppvekstsenter komande skuleår, og slik det ser ut nå, ønskjer foreldra til ti av desse bokmålsopplæring. - Avgjerda er ikkje tatt, sa Rasmus Stauri, som oppmoda medlemmene i Sør-Fron dialekt- og mållag om å drive lobbyarbeid. Etter valet har Sør-Fron dialekt- og mållag denne samansetninga: Iver Silli (leiar), Hans Wassrud (nestleiar), Hanne Skogum Monshaugen (skrivar), Gunnar Lien (kasserar) og Eldri Monshaugen (styremedlem). |
| Annonser | |||
|---|---|---|---|
|
| Hverdagsgløtt | ||
|---|---|---|
|
||











