Derfor har vi - saman med Oppland Sau og Geit, Oppland Bondelag og Oppland Bonde- og småbrukarlag – på nytt sendt brev til Klima- og miljødepartementet med krav og forventningar om betre rovdyrforvaltning.

Lisensfellinga er avslutta, og i Vulufjell vart ein jerv tatt ut. Av den totale lisensfellingskvota på 21 dyr er det tatt ut berre sju dyr.

Det er avgjerande viktig at det blir sett inn tiltak slik at bestanden kjem ned på bestandsmålet før komande beitesesong.

Yngling av ulv skal ikkje skje i beiteområda våre.

Kvar einaste vår kjem det trekkjande ulv gjennom våre områder, og våren 2015 vart det gitt fellingsløyve. Her må Fylkesmannen gje ståande fellingsløyve på ein ulv frå 1. mai, all den tid forvaltninga har til hensikt å felle dyret. Det blir meiningslaust at dyret må bli sett før det kan bli gitt fellingsløyve.

Skadefellingslaga gjer ein svært god jobb med ei oppgåve som er både vanskeleg, tid- og ressurskrevjande. Økonomiske rammer må være tilstrekkelege slik at fellingsforsøk kan bli gjennomført med riktig innsats, og ikkje begrense arbeidet.

Fellingsløyver må gjelde for større areal og ikkje minst med lang nok tidsramme.

Bruk av hund i forsøk på skadefelling har vist seg effektivt, og det må kunne brukast «løs på drevet halsande hund» i samband med skadefelling.

Situasjonen er uhaldbar. Derfor må også andre andre verkemidlar, metodar og prøveordningarsom ikkje er direkte dyreetisk uhaldbare prøvast ut.