I formannskapet i Nord-Fron stilte Senterpartiet 19. mai spørsmål til ordføraren om kor stor valdeltaking som må til for at han vil følge rådet som folket gir. Ordføraren viste til innbyggjarundersøkelse, folkemøte, kommunestyrevalet og AP sitt valprogram. Valoppslutning og resultat skal tolkast i ljos av dette, sa ordføraren.

Det er direkte feil å vise til at folk gjennom innbyggjarundersøking, folkemøte og kommuneval har sagt si meining om intensjonsavtala. Da desse vart gjennomførte var avtala ukjent for alle. Avtala var klar 27. april, og vart utsendt 10. mai. Det er nå vi kan meine noko om innhaldet i avtala.

Svaret vi fekk var uklart, men bekrefta det som vi har sagt før: Nå må alle stemme. Det er berre ei stor valoppslutning som kan sikre at folket avgjer dette. Denne saka er for viktig til at folket sitt svar skal tolkast av nokre få.

Bruk stemmeretten din og gi eit klart svar!