Dette meinte Støstad at veljarane hadde krav om å få vite før dei gjekk til urnene.

Neste tysdag skal kommunestyret avgjera saka, men Nord-Fron Arbeiderparti sine kommunestyrerepresentantar vil framleis ikkje si noko om korleis dei vil stemme. Dei hevdar at dei framleis i er ein "prosess". I alle andre kommunar i Oppland vart det med ein gong resultatet av folkerøystingane var avklart, også avklart at kommunestyret vil følgje folket sitt råd. Men ikkje i Nord-Fron.

Er årsaken til dette at Nord-Fron Arbeiderparti har bestemt seg for å sikre eit ja-fleirtal, men ikkje ønskjer å si noko om dette i forkant av kommunestyremøtet? Arbeiderpartiet kjenner nå alle faktorar som har noko å si i denne saka. Den største saka som kommunestyret i Nord-Fron nokon gong skal behandle, og ei sak som har vore drøfta i snart to år veit nå sjølvsagt alle i kommunestyret kva dei meiner om. Det er ingen som kan tru på at det endelege standpunktet vil bli tatt på eit gruppemøte, ein time før saka skal avgjerast.

Det er difor god grunn til å tru at det er "taktiske" omsyn som gjer at ikkje Arbeiderpartiet vil klargjera sine standpunkt nå. Alle veit at dei vil møte svært sterk motstand dersom eit ja-fleirtal blir gjort kjent før møtet. Etter møtet vil det også bli sterke reaksjonar, men da er vedtaket gjort og ikkje mogleg å rette opp. Eit ja i Nord-Fron vil opne for ei tvangs-samanslåing av kommunane i midtdalen. Er målet med Nord-Fron Arbeiderparti med sin "prosess" å legge til rette for tvang?

Det er berre folkerøystinga som seier noko om kva folk i Nord-Fron meiner om ei kommunesamanslåing. Innbyggjarundersøking, folkemøte og kommunevalet i fjor haust vart alle saman gjennomførte utan nokon kunnskap om planen for ein ny kommune. Når planen vart kjent, i mai 2016, sa eit stort fleirtal nei.

Etter folkerøystinga viste Rune Støstad stor forståing for at folket sa nei. "Folk er ikke dumme", sa han til Dagens Næringsliv. Den same forståinga bør alle vise ved kommunestyret si behandling tysdag 14. juni.