Sakens kjerne er ei oppmoding frå ungdomsrådet i Nord-Fron om å sjå på dei psykososiale tilhøva for særleg ungdomsskuleelevane i Skåbu. Da saka fyrst kom opp i ungdomsrådet hadde éin nåverande elev ved skulen søkt og fått innvilga overflytting til Vinstra ungdomsskule. Sidan har to elevar til fått innvilga overflytting, slik at det frå hausten vil vera seks elevar på ungdomstrinnet i Skåbu.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at debatten er utfordrande. Skåbusamfunnet er ikkje stort, og at dei tilsette og fleire av elevane er glade i skulen sin er ikkje vanskeleg å skjønne; Skåbu har ein skule som kan syne til gode faglege resultat, og det bør også telle med i reknestykket. Det er likevel verdt å merke seg at fleire foreldre nå ikkje lenger ønskjer at deira ungdommar skal gå på skulen – og da er det ikkje det faglege, men det psykososiale miljøet som blir trekt fram som den store utfordringa. Dette blir også peikt på i saksframstilinga frå kommuneadminstrasjonen. Vi er ikkje forundra over at politikarane si reflekshandling også i denne saka er nei til nedlegging. For dette er eit ømtåleg tema.

I distriktskampen blir gjerne grendeskuler brukt som argument for å oppretthalde bygdene. Ei nedlegging vil bety fråflytting, ser ut til å vera mantraet. Men må det nødvendigvis vera slik? Kan det tenkjast at ei bygd kan vera like attraktiv som bustadområde om skuletilbodet ligg ein halvtime unna – og dermed betyr større sosiale miljø for ungane? Det er ikkje til å unngå at debatten om ungdomsskule i Skåbu blir grendakamp. Men det bør det ikkje vera. Debatten bør heller ikkje handle om kva som er det beste for dei vaksne i Skåbu – anten dei er foreldre eller lærarar. Den bør handle om elevanes beste – og berre det.