Motivasjonen for å gjere det betre dette skuleåret enn det førre lyser av dei. Men så kjem den grå, kjølege hausten og legg seg bokstaveleg talt som eit tjukt tåkelag over alt som heiter motivasjon og innsatsvilje i elevanes hovud. Agendaen blir gradvis fylt opp, skuldrane blir heva, alt av tankar endar opp som ei dyster regle, og allting som har med skulen å gjere er berre negativt. Ikkje eit bra utgangspunkt, sidan det er veldig lenge igjen til juni og skuleslutt.

Det er vanleg at innsatsen begynner å gå i ei søkkjande kurve når vinteren kjem, men for meg ser det også ut til at fleire slit med motivasjonen gjennom heile året, og det er faktisk overraskande kor lite skulearbeid mange gjer. Det er inga tvil om at det er mykje å gjere på vidaregåande, og det er forståeleg at presset frå alle kantar kan verke kvelande på mange. Når ein skal forhalde seg til ein skulekvardag fylt til randen med prøver og innleveringar, samtidig som ein jobbar, trenar og nyt ungdomsåra, så er det naturleg at det blir i meste laget for nokon, og at motivasjonen og humøret generelt blir dårlegare. At den hektiske kvardagen går utover helsa er ikkje bra, men er dessverre noko mange opplever. Å gå å tenkje på at ein er stressa og må prestere på alle kantar, kan føre til at ein hamnar i ein vond sirkel.

For å bli god på skulen må ein leggje ned mykje arbeid, på lik linje som ein må leggje ned mykje arbeid for å bli god på gitar, til å spele handball eller teikne. Det er ikkje alltid like gøy, og det som ikkje er gøy, mister ein fort interessa av å halde på med. At ein må arbeide ekstra med det som er vanskeleg, er vel ingen stor løyndom. Mykje er vanskeleg her i livet, men med positiv innstilling til ting kjem ein langt innanfor det meste. Mange gjev opp veldig fort, eller seier på førehand at «dette er for vanskeleg for meg», eller «dette kjem eg aldri til å klare». Viss ein stadig dreg seg sjølv ned mentalt, så går det i alle fall ikkje særleg mykje betre. Sjølv om det kan verke skummelt og fjernt, så bør ein prøve å seie til seg sjølv at «dette får eg til» og «dette kan eg».

Alle har sine eigne mål med skulearbeidet, og motivasjonen kjem ettersom ein når måla. Nokon drivast av å oppnå eit så høgt snitt som mogleg for å komme inn på draumestudiet, mens andre vil berre gjere sitt beste. Det er ikkje rart at dei som har eit mål i sikte, er meir gira på å arbeide enn dei som ikkje har det. Å sjå meininga med det ei gjer, er viktig same kva ein held på med, uansett om det er skule eller hobby. Det er viktig å byrje på ein studieretning og velje seg fag som ein sjølv er interessert i, så blir det i alle fall litt enklare å leggje ned ein god innsats. For det ein synest er spennande og gøy, er tusen gongar lettare å motivere seg for enn det ein synast er uinteressant og kjedeleg.

Dårleg innstilling og lite arbeidslyst er noko dei fleste kjem til å oppleve i løpet av eit langt skuleløp. Også på dei tidspunkta ein kunne trenge alt av positiv energi som ein kunne få. Den perfekte løysninga hadde vore om det hadde funnest ein slags superkur ein kunne teke for å få motivasjon og positiv innstilling til det som har med skulen å gjere. Noko som i tillegg kunne lyfta humøret og gjeve tilbake kvardagsgleda.

Det beste hadde vore om lærarane hadde klart å få alle elevane motivert og gira. Men nokon elevar kan rett og slett ikkje motiverast, og sjølv den beste læraren vil få store problem med å få det til. Elevane må sjølv ønske å lære, og dei som ikkje vil det, er det umogleg å gjere noko med.

Og uansett kor god eller dårleg lærar ein har, må ein fortsatt arbeide sjølv for å få ein god karakter. Det er aldri berre læraren sin skyld om det går dårleg i eit fag, men det er heller ikkje berre hans eller hennar skyld at det går bra. Avskriving av eige ansvar for faglege resultat er enkelt, men i fåtalet av tilfella er det feil. Trenaren din kan hjelpe deg på vegen og gje deg råd om korleis du kan bli god på ski, men han kan ikkje gå fort på ski for deg. Den same funksjonen har læraren.

For å ikkje miste gneisten heilt, så trur eg at det er lurt å ikkje stille for høge krav til seg sjølv og tenkje at alt er like viktig. Å sette seg realistiske mål i starten, og heller jobbe seg vidare frå der, er oftast mykje lurare enn å sikte mot toppen i alle fag med ein gong. Med ein full prøveplan blir det vanskeleg å strekkje til over heile linja.

Samtidig kan det vere ei støtte å tenkje på kva ein vil med eiga læring for å halde innsatsen oppe da alt verkar håplaust. Kjensla ein står igjen med på juni, då alle prøver er teke og alle stilar er skrivne, blir desto betre når ein veit at ein verkeleg har gjort sitt beste.

Bilde: Ein må finne motivasjon for å lære i seg sjølv, meiner Andrine Resvoll. Foto: Illustrasjon.