Frå 2020 blir det 354 kommunar og 11 fylke. Ifølge regjeringa vil det gje sterke kommunar og fylke, som kan møte morgondagens utfordringar. Treng vi ei kommune- og regionreform?

Politisaker, som barneovergrep, er ressurskrevjande. Ein stor kommune må ha økonomisk og fagleg kapasitet til å møte slike grufulle saker.

Eldrebølgja er ei utfordring, og kommunane treng økonomisk og fagleg kapasitet. Regjeringa legg opp til færre og større eldreheimar, sjukehus og skular. Dette sikrar ikkje gode samfunn. Nedlegging fører ikkje til blomstrande lokalsamfunn, for da blomstrar ingenting.

Regjeringa vil gi meir pengar til kommunar som frivillig slår seg saman, på kostnad av kommunar som ikkje vil det. Regjeringa kuttar så mykje økonomisk støtte til små kommunar, at å oppretthalde velferda lokalt nærmast blir umogleg. Dersom økonomisk tvang ikkje går, bruker regjeringa rein tvang. Ordren er samanslåing, same kva.

Dette er dessverre ikkje den einaste sentraliseringsreforma frå regjeringa. Tenk ``Nærpolitireforma``, med det sjølvmotsigande namnet. Politiet skal bli meir ``nærverande``. Regjeringa meiner det skjer ved å legge ned politikontor i distrikta, og flytte dei til byar. Kai Inge Fløde, som driv eit fiskefirma, seier til NRK at han må køyre over 50 timar meir bil i månaden, for å skaffe arbeidsløyve til utlendingar som jobbar for han. Det er 50 timar borte frå kontoret, som igjen betyr at det blir vanskeleg å halde oppe bedrifta i bygda. 115 lensmannskontor over heile landet skal leggjast ned eller flyttast bort. Fører verkeleg ``nærpolitireforma`` til at politiet blir nærmare folk?

Gardsbruk over heile landet blir lagt ned i rekordfart. Ifølgje SSB er over 20000 bruk lagt ned frå 2004 til 2015, enda Noreg ikkje er sjølvforsynt med mat. I den nye geopolitiske situasjonen vi er i, vil eg påstå at å ikkje vera sjølvforsynt med mat, er heilt uforsvarleg. Men matimporten aukar i same takt som nedlegging av gardsbruk. Fordi import er billigare.

Problemet er forbrukaren, som vel utanlandsk mat framfor norskprodusert, fordi det er mest økonomisk. Ifølgje Mattilsynet inneheld norskprodusert mat færre sprøytemiddel enn utanlandsk. Norsk mat er sunn og trygg. Opplysning trengst!

I same fart som nedlegginga av mindre gardsbruk, aukar matproduksjonen. Ragnar Løsnesløkken frå Fåvang måtte leggje ned drifta etter ni år, fordi det ikkje lenger var lønnsamt. Han meiner at det er berre gardsbruk som har over 100 dyr som får nok tilskott. Han seier også til Dølen (nr. 43 årgang 21) at matproduksjonen i Noreg må opp på industrielt nivå om det fortsett slik. Han meiner at god kvalitet kjem gjennom dyrevelferd, som ein ikkje oppnår på industribruk.

Trygve Slagsvold Vedum kritiserer ei anna stor reform: Forsvarsreforma. Den foreslår å bruke meir pengar på forsvaret, faktisk opp mot 2% av vårt brutto-nasjonalprodukt. Men samtidig blir baser over heile landet lagt ned. Den store taparen er heimevernet, som får redusert talet på soldatar frå 45000 til 38000. Noreg er eit stort land i forhold til tal på innbyggjarar, så færre soldatar kan umogleg føre til landsdekkjande forsvar. Vi skal føle oss trygge uansett kor vi bur.

Andøya fekk føle reforma som badar i byråkrati. Flybasen skal leggjast ned. Det fører til at ein av kommunens økonomiske sentra blir borte. Det betyr tap av arbeidsplassar, og sannsynlegvis tap av heile samfunnet på øya. Samtidig fjernar regjeringa basen for oreon-overvåkningsflya og gjer nordområda enda meir fjerntliggande, ved å ta bort eit viktig forsvarsanlegg.

Nord-Noreg har alltid blitt sett på som delen av Noreg som kostar mykje, og gir lite attende. Sjølv om Erna ikkje likar det, bur det folk på Finnmarksvidda, som må ha tilgang på velferd. Også bygder med få innbyggjarar må ha legesenter, skule og grendehus. Dette kostar pengar. Som kan sparast. Som kan dekke avviklinga av formueskatten og eigedomsskatten.

Sentralisering er den blå løysinga!

Viss alle budde på ein stad, hadde vi berre trengt eitt stort sjukehus, ein stor skule og ein stor boligblokk

Slik er regjeringas våte draum: ei verd utan geografiske forskjellar, lokalkunnskap og lokal identitet. Ei verd der lokale bedrifter skal byggjast om til dystre stålverk. Ei verd der vi berre importerer mat. Alt for å effektivisere samfunnet. Fordi det er billig.

Eg meiner at sentralisering og stordrift ikkje er svaret. Skal alt handle om pengar?