I ein tøff kvardag kan det vera vanskeleg å finne rotfeste og tryggleik. Det kan vera tøft å koma heim etter dagens utfordringar og ikkje finne den gode og vande kjensla av heime. Difor er det alltid godt å kunne reisa attende til heimstaden sin kor alt er kjent og kor alt er trygt. Og vår heimstad, den er på Fron.

Som unge var målet alltid å koma seg vekk, sjå nye plassar, nye menneske og få nye opplevingar. Dette var det viktigaste. Samstundes midt blant alle forventningane og ventetida gløymde vi å sjå rundt oss. Vi gløymde å sjå våre eigne plassar, våre eigne menneske og opplevingane vi allereie hadde vore gjennom. Søkje etter noko nytt tok for mykje plass og bygda vår var rett og slett ikkje bra nok. Ønskje om noko anna, kanskje noko større, kanskje noko viktigare var stort. Dette trudde vi ville gje ei ny kjensle av begeistring. Likevel kom ikkje den kjensla før ein vende heim. Når vi vendar heim ser vi at vår bygd er mykje større enn vi sjølv hadde trudd og særs mykje viktigare enn vi tidlegare forsto.

Historiene ligg strødd i bygdene. Du finn dei langs vegane, på fjelltoppane, ved fiskevatnet, på dei ulike idrettsplassane, på gardane og på uteplassane. Desse kan vera gamle, eldre enn besteforeldra dine, eller nye som du sjølv har opplevd. Poenget er at historiene lev fordi vi bring dei vidare. Dei er viktige for oss og for vårt samfunn. Det er minna våre, gode som dårlege. Desse historiene er med å skapar tradisjonar. Tradisjonen om at 17.mai toget skal gå den same vegen som alltid, skirennet som blir arrangert på same staden som før eller hytteturen som kvart år blir en suksess. Stadig nye historier skapast og tradisjonane blir til med dei. Dette blir vi minna på kvar gong vi vendar heim.

Kulturlivet står sterkt i fronsbygdin. Vi har blant anna god musikk og kunst som fer sitt utspring på dei ulike arenaene i bygdene. Vi har blant anna musikk, dans og drama på Vinstra vidaregåande skule, kulturskulen, Loftet dansestudio, Hundorp musikklag og den nye skulpturstoppen på Harpefoss med namnet Flokk. Vinstra gjev også plass for lokale kunstnarar og artistar på sin årlege og vellykka byfest.

Vi kan også trekkje inn den velkjende Gudbrandsdalosten som har sitt utspring frå Fron. Vidare finn vi kulturarv på Dale- Gudbrandsgard og Peer Gynt garden. Desse kulturplassane trekkjer turistar frå heile Noreg og er med på å vise fram den fine bygda vår. Peer Gynt spelet skapar kvart år stor blest i media og har ei særs stor innvending på vårt kulturliv og omdømme. Vi vernar om vårt kulturliv og er stolte når vi fer visa det fram. Det blir alltid ein suksess når frøningane fer visa fram sitt arbeid og god stemning følgjar med dette. Med andre ord er det mykje historie og kultur å finne på Fron. Vidare blant denne kulturen og historia finn ein stor lidenskap for sport. Fleire idrettsgreiner blir utøva på Fron, det er noko for alle. På Sør-Fron, Vinstra og Kvam er det mange moglegheiter for både fotball, friidrett, handball, skøyter, skihopp og skigåing. Desse blir samlepunkt for bygda og arrangementa som følgjer med dei er gode minner for store og små. Idrettskulturen står sterkt i fronsbygdin og i fleire greiner har vi utmerka oss mange gonger.

Dersom vi tek ein køyretur på den no gamle E6 gjennom fronsbygdin, vil vi sjå fleire gardsbruk. Både store og små, og alle har dei ei viktig rolle. Det byrjar på Frya, allereie her fer ein sjå store gardsbruk på alle kantar. Dette held fram heilt til Vinstra og vidare til enden av Kvam. Desse gardane er viktige for bygdene våre, viktige for menneska som bur på dei og dei som bur rundt. På grunn av desse veit vi kva som er viktige verdiar i samfunnet, vi fer kunnskap om den viktige jobben som blir gjort på gardane. Dermed kan vi stå stødige i debatten om at Noreg treng bonden. Dette fordi vi veit med sikkerheit at denne jobben er avgjerande for at samfunnet skal gå rundt. Sjølv dei som ikkje kjem frå gard eller har ei særleg tilknyting til den kvardagen, dei òg klarer å sjå viktigheita med den. Nettopp fordi dei er omringa med gardsbruk, jordbruk og dyr gjennom heile bygda.

Mange vel å flytte vekk frå bygda, dette kan det vera fleire årsakar til. Jobb, ny familie og studiar kan vere nokre av dei. Likevel vender stadig fleire heim. Mange ønskjer å gje sine eigne barn den same oppveksten som ein sjølv, andre kjem attende fordi det er her dei høyrarar heime. Det er ein grunn til dette, det er ein grunn til at pendlarane våre kjem heim kvar helg, det er ein grunn til at vi flyttar attende til bygda når vi blir vaksne. Og grunnen er eigentleg rimeleg enkel. Vi vendar attende fordi vår heimstad kjem alltid til å vera på Fron, kor alt er kjent og kor alt er trygt.

Trygt: Det er alltid trygt og godt å kunne reise heim att til bygdene i Fron, skriv Ida Sofie Scheie. Foto: Terje Solberg