Om lag 60 millionar menneske er i dag på flukt. Likevel har vi politikare som kjempar for verdas strengaste innvandringspolitikk. Vi har ikkje hatt lågare asyltilstrømning i landet sidan 1997.

Kvifor har fattige, små land som Hellas så mykje hjelp og gi – og ikkje vi?

Det som openbart ikkje blir teke med i betraktninga er at flyktningane er menneskar på lik linje som meg, deg og Sylvi Listhaug. Menneske med håp, drøymar og et ønskje om eit betre liv. Fleire av dei har høg utdanning og kan bli ein ressurs i det norske samfunnet. For å komme med eit eksempel: Mahad Mahamud, utdanna bioingeniør. På grunn av ei ufyseleg heksejakt blei han fratatt sitt norske statsborgarskap, og sendt tilbake til Somalia; eit land han ikkje føler tilhørigheit til etter mange år med jobb, venar og familie i Noreg.

I Noreg er vi stolte av vårt solidariske, iherdige, inkluderende og patriotiske samfunn. Det eg i midlertid saknar er medmenneskelegheit, empati og vilja til å ta i mot noko som kanskje verkar framand. For at samfunnet og integreringa skal fungere, må vi snu om framandfrykta til nysgjerrigheit. Vi må innsjå at kulturar er berikende i eit samfunn. Kva kan vi lære av dei, og kva kan dei lære av oss?

Eg forstår at man kan vere skeptisk for det framande. Men då spør eg deg: Korleis ville du blitt teken i mot om du var ein av flyktningane? Ein av dei som ligg utslitne, redde og usikre på om det kjem ein dag i morgon. Det kunne vært oss. Kvifor skal vi kjempe for ei regjering der «medmenneskelegheit» er eit framandord?

Her sitt vi, trygt i Noreg – og har vanskeleg for å setje oss inn i korleis det er å oppleve krigen. Korleis det er å kjenne krigens grusomheiter på kroppen. Desperasjon, hjelpeslausheit og uvisshet om det kjem ein dag i morgon.

Er det noko ein unnar eit anna menneske?

Derfor spør eg deg, Sylvi: Er du stolt av å ha verdas strengaste innvandringspolitikk? Det er om lag 60 millionar menneske på flukt, halvparten er born. Kor er medmenneskelegheita?