Nye prognosar frå Norsk Industri viser ny optimisme i industriverksemdene. Dei forventar vekst på rundt fem prosent det neste året, og ein svak auke i sysselsettinga. Det viser at politikken til regjeringa fungerer.

Samstundes seier to av tre verksemder at dei i år og neste år vil satse på nye produkt i etablerte marknadar og etablerte produkt i nye marknader. Dette viser at verksemdene er villige til å endre og omstille seg. Det er kjempeviktige eigenskapar for å overleve den tøffe konkurransen internasjonalt.

Den tradisjonelt viktigaste naturressursen for Noreg – olja - vil fortsette å være den viktigaste drivaren for vekst i mange tiår framover. Men vi treng nye næringar som skal skape auka verdiskaping og nye lønsame arbeidsplasser for framtida. Slik sikrar vi eit bærekraftig velferdssamfunn, som er prioritet nummer ein for regjeringa.

Samstundes står vi overfor ein stadig raskare teknologiske utvikling. Digitalisering, robotisering og nye banebrytande teknologiar kjem til å endre industrien slik vi kjenner den i dag. Framover handlar det om å skape nye produkt, produksjonsmåtar og forretningsmodeller. Da må vi tenke grønare, smartare og meir nyskapande. I tillegg kjem klimautfordringane. Der vil mykje av løysninga ligge hos den innovative industrien.

Nokre av det første eg gjorde som ny næringsminister var å besøkje Yara på Herøya i Porsgrunn. Yara har gjennom ein lånegaranti på 1,6 milliardar kroner frå Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) sikra finansiering av ein ny og moderne produksjon av gjødsel.

Dagens industri i Grenland er noko heilt anna enn det vi så på sytti- og åttitalet. Industrien her så tidleg mogelegheiter i å utvikle ein grønare industri og energieffektiv produksjon basert på industriell kunnskap. Dette er ferdigheiter som er eit godt utgangspunkt for å møte dei industrielle utferdingane i framtidar. Historiske industrisamfunn som Kongsberg, Raufoss og Mo i Rana er andre eksempel som har vist evne til rask omstilling og moderne næringsutvikling mellom anna på grunn av digitalisering.

På Raufoss har bildelprodusenten Sterteec økt kraftig og rundt 20 prosent av omsetninga går til Kina. Det er bra, for regjeringa har satt seg som mål at Noreg skal vere ein ledande industri- og teknologinasjon. Vi følgjer opp Industrimeldinga frå i fjor og legg slik til rette for at nye og eksisterande industriverksemder i Noreg skal få fortsette å vokse.

Vår tradisjon for samarbeid, tillit, flate strukturar og vår industrielle kompetanse gir industrien eit godt utgangspunkt. Eg er stolt av at norsk industri både er omstillingsdyktig og nyskapande. Eg er sikker på at den positive utviklinga vil fortsette.