I ei pressemelding skriv ordførarane i Ringebu, Øyer, Gausdal og Lillehammer at dei legg det såkalla sørdalsalternativet på is.

Avlyser folkerøysting

– I saken vil vi foreslå å fullføre intensjonsplanen og legge den fram til handsaming for kommunestyra i november, slik framdriftsplanen har lagt opp til. Vi foreslår deretter å avslutte prosessen i denne omgang, noko som inneber at folkerøystinga 10. januar neste år blir avlyst, heiter det i pressemeldinga .

– Slik vi vurderer alle signal, er det nok ganske tydeleg eit fleirtal mot samanslåing. Da blir det vanskeleg å arrangere forlkerøysting, seier ordførar Erik Odlo i Ringebu.

Han meiner kommunereformprosessen også har mista den store støtta som var lova frå regjeringshald, mellom anna har nye oppgåver til samanslåtte kommunar lete vente på seg.

– I staden ser vi at det meste som kjem frå regjeringshald virkar negativt på ein slik prosess, mellom anna vil regjeringa fjerne skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane, og fjerne pendlarfrådraget, seier Odlo.

Til kommunestyra

Ordførarane konkluderer med at det er for svakt engasjement for prosessen, og at tida ikkje er moden.  Det er kommunestyra som eventuelt må gjera nye vedtak dersom framdriftsplanen vi arbeider etter skal bli endra.  Som prosjektleiarar legg ordførarane fram saka for kommunestyra 29. oktober.

Odlo forklarar motstanden mot reforma med at kommunane i dag leverer bra tenester, som inbyggjarane er nøgde med. - Det kan vera vanskeleg å sjå for seg at det skal bli verre å få til dei same tenestene i framtida, seier han.

Han innrømmer at det kjennest litt ubekvemt å ikkje halde folkerøysting. - Vi har lova innbyggjarane at dei skulle få seie sitt i ei folkerøysting, den moglegheita tek vi no frå dei, seier han.