For i kveld vart det klart: Albumet «Silent treatment» har helde stand 91 veker på VG-lista.

Det er det i følgje VG berre eitt norsk album som har klart tidlegare, Odd Børretzen og Lars Martin Myhres «Noen ganger er det ålreit» frå 1995. Den rekorden har nå altså Highasakite tangert.

– Det er heilt fantastisk, seier vinstraværen Øystein Skar til Dølen fredag kveld.

Gjer som 7000 andre – følg Dølen på Facebook!

Veldig sprøtt!

Bandkollega og låtskrivar Ingrid Helene Håvik uttalte til Sunnmørsposten tidlegare fredag at ho syns det er «veldig sprøtt», og har ikkje noko umiddelbar forklaring på suksessen.

– Eg veit ikkje heilt kvifor det slår så godt an. Det er ei veldig fin plate. Kåre (Vestrheim journ.anm.) har gjort ein fin jobb med å produsere den og den er slitesterk. Vi har eit breitt publikum, seier Ingrid Helene Håvik til smp.no.

Hadde ikkje rekna med det

Den siste tida har Highasakite turnert i USA med islendingane i bandet «Of Monsters and Men». Nå er det plateinnspeling som har hovudfokus. I tillegg til VG-liste-rekorden.

– Dette var noko vi ikkje rekna med når vi lagde albumet. Og så må vi takke folk og fans som høyrer på! seier ein glad Øystein Skar til Dølen.

I følgje Skar ligg "Silent treatment" på 30. plass denne veka.

Highasakite og Ingrid Helene Håvik under Byfesten på Vinstra i 2014. Foto: Håkon Odenrud/Dølen