Emil Nyeng var med heile vegen på søndagens duathlon (20 kilometer med skibytte).

- Eg følte meg ganske rå i dag. Så lenge ein blir med i tetgruppa når den går, er mykje gjort. Det går ikkje så mykje fortare der, men da er du med, seier Nyeng til Dølen rett etter målgang på Gålå.

Stivna siste runden

Nyeng fortel at han følte han hadde god kontroll heile vegen, og var aldri redd for å måtte sleppe teten.

- Men eg blir pinne stiv på siste runden, og da blir det vanskeleg å ta spurten, seier Nyeng.

Emil Iversen frå Varden IL vann 20-kilometeren.

Les meir i papirutgåva av Dølen torsdag.