I alt omkom 13 personar i trafikkulykker på vegane i Oppland i 2015. Året før mista sju menneske livet på vegane i fylket.

Flest ulykker i Gubrandsdalen

Det syner førebelse ulykkestal frå Statens vegvesen, region aust. Åtte bilførarar, tre bilpassasjerar og ein MC-førar omkom i ni dødsulykker på vegane i Oppland. Snittet for dei siste fire åra er 10,8 trafikkdrepne.

Sju av ulykkene i 2015 skjedde i Gudbrandsdalen, tre i Vestoppland. I 2007 mista til samanlikning 28 menneske livet i fylket, mens 18 ble drept i trafikken i fylket i 2011.