Landbruksminister Jon Georg Dale besøkte tysdag odelsgarden til Therese Rudi på Kjønås. Rudi var frampå med invitasjon, da ho som representant for Bonde- og småbrukarlaget fekk møte den nyutnemnde landbruksministeren rett etter nyttår, i eit møte om rekruttering.

Rovdyrutfordringa

Han takka ja til invitasjonen, og tysdag tok odelsjenta imot ministeren på heimgarden på Kjønås. Dale fekk mellom anna høyre om utfordringane med rovdyr.

- Det er ei kjempeutfordring med tanke på rekruttering, sa Therese Rudi, dette må de gjere noko med, altså, var oppmodinga frå Therese Rudi til landbruksministeren.

Dale fekk omsyning på garden, mellom anna fekk han helse på utesauane. Til takk for besøket fekk han ein lammefell.

Dølen kjem med meir i papirutgåva torsdag.