Fronskommmunane og Ringebu vart torsdag kveld einige om nokre av dei viktigaste punkta i arbeidet fram mot ein ny kommune. Nå er fordelinga av administrative funksjonar klar.

Forhandlingsutvala i dei tre kommunane hadde torsdag kveld sitt sjette møte.

Har fordelt oppgåvene

Det resulterte i eit gjennombrot i drøftingane, fortel dei tre ordførarane Ole Tvete Muriteigen, Rune Støstad og Arne Fossmo til Dølen.

– Dette er ein historisk kveld, seier Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron. – Dette kunne enda med lokaliseringsstrid på Døla-vis, men nå er vi einige om det viktigaste, seier han.

Forhandlingsutvala vart torsdag kveld einige om følgjande: Det skal vera kommunale arbeidsplassar i alle tre kommunehus med følgjande fordeling:

  • Senter for leiing og admininstrasjon (Hundorp)

  • Senter for plan, teknisk, utmark og landbruk (Ringebu)

  • Senter for velferd, kompetanse, kultur og næring (Vinstra)

Forhandlingsutvala er også einige om at tenester som skule, barnehage og sjukeheimar skal oppretthaldast der dei er.

Det vanskelegaste fyrst

Ringebuordførar Arne Fossmo seier dei har prøvd seg fram i prosessen.

– Så bestemte vi oss for å ta dei vanskelegaste sakene fyrst. Det har vi nå landa. Dette er noko vi verkeleg ønskjer å få til, seier han, vel vitande om at folkeavstemminga den 22. mai blir ganske avgjerande for utfallet.

Kommunestyra i dei tre kommunane skal avgjere saka før sommaren.

Gudbrandsdalens største

Ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad peikar på at det viktige i prosessen har vore å finne ut kva ein kan få til saman.

– Her får vi ein solid kommune, med solide fagmiljø, godt rusta til å løyse framtidas utfordingar. Og med 13500 innbyggarar blir det den største kommunen i Gudbrandsdalen. Det vil bli eit tyngdepunkt og ei kraft, midt i Gudbrandsdalen, seier Støstad.

Og namnet? Det blir anten Gudbrandsdal kommune eller Midt-Gudbrandsdal kommune.

Les meir i papirutgåva av Dølen torsdag 18. februar.