Dølen skreiv hausten 2015 om planane om å reise ein plasthall på tomta til Kork Eiendom ved sidan av Vinstra karosseri.

Det er Kristian Opsahl, eigar og drivar av Vinstra karosseri, som står bak selskapet Kork Eiendom som søkte Nord-Fron kommune om oppføring av ein plasthall langs den nye innkjøringa til Vinstra.

Dølen skreiv om planane Opsahl hadde om utviding allereie i januar 2015, men sidan den gongen har planane endra seg frå eit forretningsbygg til ein plasthall.

– Det stemmer at tanken var å bygge forretningslokalar, men vi har ikkje fått nokon leigetakar ennå, og da blir det ei midlertidig løysing for å dekke våre eigne behov, sa Opsahl til Dølen i november.

Denne veka reiste hallen seg.

Vinstras nye sentrum

Hallen, som ligg omtrent vegg i vegg med Vinstra karosseri vis a vis Drivhuset og Peer Gynt-senteret i Lomoen, skal brukast til lagerhall for oppbevaring av bilar på eigedommen.

Hallen blir dermed noko av det fyrste bilistar som kjører inn til Vinstra frå ny E6 vil møte. Opsahl har forståing for at sume er skeptiske til oppføringa av ein stor plasthall midt i det som er i ferd med å utvikle seg til Vinstras nye sentrum.

– Det er ikkje meininga å gjere det styggare. Skal eg bygge noko anna der blir det i så fall permanent lager. Men tomta er for fin til det. Men eg kan heller ikkje bygge noko før eg har nokon som verkeleg vil leige – før til dømes Elkjøp kjem, ler Opsahl.