Det er kaldt, men overskya på Gålå. Frå parkeringa ved Røde Kors-hytta kan ein skimte ei løypemaskin som snirklar seg gjennom kjærkommen nysnø i lysløypa til Gålå idrettsanlegg før snuta og skjæret blir vendt sørover.

Bak rattet sitt Tor Suleng, dagleg leiar i Gålå turløyper.

– Eg har ikkje skjønt kva blåtimen var for noko før eg begynte å kjøre løyper her, seier Tor Suleng og peiker innover eit gradvis ljosnande eventyrlandskap.

Suleng startar dagen i fjøset. Klokka sju på morgonen er han på plass på Gålå for å gi skispor til folket.

– Det er tidleg, men med ei god lydbok på øret og kaffikoppen i handa er dette ein fantastisk fin jobb, smiler han. – Det handlar om å glede folk, seier Suleng.

– Vi er nøydd til å levere varene, anten det er ti stykk som går skitur eller om det fem hundre. Folk skal reise att frå Gålå med ei god kjensle. Det er målet.

Og folket er godt nøgd med Gålå turløyper, skal ein tru feedbacken dei får mellom anna i sosiale medium. Lovorda er mange.

– Av og til blir det neste for mykje av det gode, ler Tor Suleng når han fortel om ros frå både bygdafolk og hytteinnbyggarar.

Men dei tre karane som til dagleg har sitt virke med skiløypene, set stor pris på rosen. Og faktum er at i fjor fekk dei berre ei einaste klage.

– Og da er det stort sett fordi vi ikkje har vore gode nok til å informere. Det handlar om informasjon heile vegen. Vi opplyser på Facebook om kva for løyper vi har tent å kjøre opp når, da unngår ein misforståingar.

Totalt sett har dei tre karane i Gålå turløyper, Tor Suleng, Per Kristian Rudidalen og Øystein Rudi ansvaret for å halde 23 mil med skiløyper opne for folket.

– Vi har kapasitet til å kjøre om lag halvparten av det kvar dag. Utfordringa er når vi får store snøfall. Da er det frykteleg mykje som skal tas opp att. Kjem det 20 - 30 cm tek det fort tre til fire dagar å få kjørt opp att alle løypene. Da er det viktig å informere godt, seier Suleng.

Dei er eitt av få løypelag i området som blir drifta profesjonelt. Støtte frå Nord- og Sør-Fron kommune, hyttevelforeningar og reiselivet sørgjer for at dei har økonomien som trengs. Og det trengs mykje pengar. Berre løypemaskina vi kjører denne dagen har ein prislapp på 1,7 millionar kroner. Da er det enda viktigare at kvaliteten på løypene er god nok til at folk kjem att – gong etter gong.

– Vi møter aldri sure folk når vi er ute med løypemaskina. SSå det er ein veldig triveleg jobb å ha, seier Tor Suleng.

Men løypekjøring er meir enn skispor, lydbok og kaffi på termokopp. Det byr også på store naturopplevingar, og innimellom huer Tor ut.

– Sjå! Der flyg det opp ryper!

Vi gløtter opp frå kråketærne i blokka og vinst så vidt å sjå nokre kvite halefjør.

Like etter roper løypemaskinkusken ut på ny: – Sjå orren!

Denne gongen ser vi absolutt ingenting anna enn stille, kvit skog. Snøen heng tung på trea og lagar eventyrlege tunnelar innover i bjørkeskogen. Kvistane skrapar over taket og rutene på løypemaskina så den kalde snøen drysser ned over oss. Graderstokken viser minus sytten grader. Tor peiker bortover mot Jetningen, det kaldaste punktet i Gålå-området. Der har dei målt minus førti grader. Men inne i førarhytta på den flunka nye maskina er det godt og varmt.

– Men vi tek det roleg med kjøringa når det kryper under 25 minusgrader. Det er så frykteleg hardt ved utstyret. Og så behøver vi jo ikkje leie folk ut på dei lange turane når det er sprengkulde, seier Suleng.

Av og til må også løypemannskapet trå til for å hjelpe bortkome og forulykka skiløparar.

– Det skjer ikkje ofte, heldigvis, men på dei åra eg har kjørt her, har eg måtta hjelpe folk fire gonger. Vi opplever av og til at folk får føling, og eit og anna bein- og armbrot., seier han.

Ved ein bekk som framleis går open i sprengkulda fortel Suleng om den gongen ein av sjåførane kjørte seg fast akkurat her. Snøen låg omtrent jamhøgt med taket på maskina, som satt bom fast. Mens han venta på hjelp kom ein tysk skiturist for å sjå på opptrinnet. Plutseleg gjekk tyskaren gjennom snøen og hamna meir eller mindre oppå sjåføren.

– Dermed vart det redning av både løypemannskap og tysk turist, ler Tor Suleng, og legg til:

– Vi opplever jo litt av kvart her da. Eg har møtt gåande på toppen av blåbærfjell – med barnevogn! Og i jula møtte eg ei dame med ryggsekk og krykker etter løypa.

Suleng passar på å skryte av både samarbeid lokalt på Gålå, med grunneigarar, reiselivet og andre, samtidig som han trekkjer fram det gode samarbeidet dei har med dei andre løypelaga på same side av dalføret.

Vi nærmar oss enden på reisa. Om lag ei mil med nykjørte løyper ligg bak oss i terrenget. Og akkurat korleis løypene bør vera, er det mange meiningar om. Lokale skiheltar vil nok til dømes ha spor langt inn i bakkane, mens danske skituristar gjerne vil ha plass til å gå fiskebein.

– Slike ting må ein også tenkje på og ta omsyn til. Derfor er det ein fordel om ein går litt på ski sjølv au, så ein veit kva som trengs.

– Blir det mange turar i sjølvkjørte løyper på deg?

Tor Suleng humrar litt.

– Eg har nok lett for å reise til Skåbu eller opp på Sødorpfjellet når eg skal gå ski. Det blir litt kjedeleg å gå i løyper der du kjenner kvar einaste sving og kvar einaste kvist. Men når det er sagt, løypene her på Gålå er fantastisk varierte og fine.

Og akkurat det, er det ikkje vanskeleg å ver einig med Suleng i.

Denne saka vart fyrst publisert i Dølen 14. januar 2016.

Tor Suleng bak rattet i løypemaskina der han har mange timar gjennom vinteren for å gi skispor til folket. Foto: Bjørn Sletten