Marianne Grodås stadfester fredag for Dølen at ho har bytt arbeidsgjevar.

– Dokker har hørt det, ja? Det er jo ittj tørt blekket på kontrakta, førenn dokker ringe, seier trønderen med ein latter.

– Gålå er jo eit utruleg sjarmerande hotell med potensial, på ein destinasjon som er veldig bra, og eit nydeleg område som eg gler meg til å bli meir kjent med, seier ho.

Styrking av Gålå

Ho seier ein av årsakane til at ho tykkjer Gålå er så spennande er Peer Gynt-arrangementet. Nå startar dei jobben med å finne ut kva dei skal vera, for kven.

– Her er det veldig myje vi kan utvikle, og vi er samde om at vi skal ha det artig, seier ho.

Grodås har fått fleire tilbod, men Gålå lokka mest, mykje fordi ho får vera med å bygge det opp.

Styreleiar Morten Midtskog i Gålå høgfjellshotell seier dei har knytt til seg Marianne Grodås for  å styrke leiarteamet på hotellet.

– Vi må få med oss nokon som kan ting vi ikkje kan, og dette vil fylle ut bra på kompetanse og kapasitet, seier Midtskog.

Han er oppteken av at det er eit positivt driv på Gålå, og er klar for å jobbe for å få større belegg og fleire gjester. Grodås går inn i stilling som hotelldirektør, medan Lise Svee blir assisterande direktør.

– Eg er ikkje så oppteken av titlar, saman er vi eit veldig godt team alle oppå her, og nå har vi også på veg inn ein veldig god ny kokk, seier Midtskog.

Nøgd med løysinga

Lasse Røssland, dagleg leiar for driftsselskapet Panorama Hotelldrift, stadfester at Grodås har slutta. Han kommenterer kun per sms til Dølen.

– Ho har avslutta sitt arbeidforhald og båe partar er nøgd med denne løysinga, skriv han.

Han svarar ikkje på om hotellet har på plass ny direktør før hotellet skal opnast etter oppussing, etter planen 12. juni.

Eigar av hotelleigedommen og utleiar til Panorama Hotelldrift, Ola Moe, seier oppussinga er i rute.

– Dei jobbar med å få på plass nokon, veit eg, seier han på telefon til Dølen.

I oktober i fjor gjorde eigaren avtale med UDI og oppretta akuttmottak for flyktningar på Rondablikk, på stutt varsel og utan at dei tilsette visste om det.

Marianne Grodås ønskjer ikkje å kommentera tilhøvet til Rondablikk, ut over at ho gjorde ferdig oppdraget ho fekk då ho vart tilsett i 2014.

– Eg vart tilsett av banken med mål om å vidareutvikle hotellet til eit framtidsretta reiselivsprodukt for framtida, og hadde for så vidt fullført dette da Ola Moe tok over som eigar i fjor haust. Eg fekk tilbod om å drive hotellet vidare som franchisetakar, men takka nei til det, og hadde min siste arbeidsdag der 20. april, seier ho.

Morten Midtskog har sikra seg ny hotellsjef på Gålå høgfjellshotell. Foto: Tone Sidsel Sanden/arkiv