Innleiar Per Erik Fonkalsrud, planleggar og arkitekt frå Oppland fylkeskommune, kunne stadfeste trenden med statistisk belegg.

- Fram mot 2030 er det behovet for leilegheiter som blir størst, spår Fonkalsrud.

Han peikar på funn og analyser som seier at det i Midtdalen ikkje vil bli bruk for ein einaste ny einebustad i åra fram mot 2030. Undersøkingar tyder på at behovet er størst for leilegheiter, og at desse bør ligge nær transport- og servicefunksjonar.

Ysterileilegheiter

Tema for bo-  og byggmessa i regi av Ringebu kommune, som laurdag vart arrangert for andre gong, var nettopp sentrumsfortetting og leilegheiter.

To prosjekt som allereie er i gang er Vålehagene og Marienhø - sistnemnte var presentert på fjorårets messe.

I år vart fire nye prosjekt presentert, mellom anna på Fåvangtorget, eit prosjekt eigd av Per Kristian Fossmo.

- I løpet av august-september håpar vi at dei fyrste leilegheitene blir realisert, seier Fossmo.

Det er planlagt 5 leilegheiter, kvar med to soverom og mellom 65-85 kvadratmeter store. 450 kvadratmeter i andre etasje av det gamle ysteriet i Fåvang skal nyttast til utbygginga.

Dessutan ønskjer utbyggjaren å bygge opp eit bed and breakfast-tilbod i den gamle ysteribygningen i tillegg.

Tre i Ringebu

Tre prosjekt står også i startgropa i Ringebu, det største i kjem rett bak Rema 1000, der Tor Ivar Wålen vil bygge på Wålen-jordet. Her er reguleringa i kommmuneplanen allereie lagt til rette for bustadbygging, og det er planlagt tre leilegheitsbygg plassert i eit tun.

I Jernbanegata 6 planlegg eigarane Simen og Morten Trøstaker leilegheiter. Midt i den gamle Ringebu-kvadraturen, på ei av tomtene kommunen har plotta inn som moglege for fortetting. Her er det planlegging og teikning på gang.

Det siste prosjektet er i Ulberg, og slik sett ikkje innanfor sentrumsdefinisjonen. Her er Jan Erik Rundsveen i ferd med å sette opp vertikaldelt tomannsbustad.

- I og med at vi var så godt i gang, og at handverkarane vi skal bruke har kapasitet, bygger vi tilsvarande på nabotomta for salg. Gravinga tek til i løpet av veka som kjem, er forhåpentlegvis innflyttingsklar til jul, seier Rundsveen på Bo- og byggmessa laurdag.

Per Erik Fonkalsrud frå Oppland fylkeskommune peikte på dei statistiske variablane som gjer at det kan vera lurt å satse på ortetting og leilegheiter, også i Midtdalen. Her med kommunalsjef Britt Åse Høyesveen. Foto: Guro Vollen