I Solhellinga i Toksefeltet i Nord-Fron reiser det seg eit hus totalt forskjellig frå alle andre hus i byggefeltet. Her finn du ikkje saltak med ein viss prosents hellingsgrad, eller stueglas med sprosser.

– Eg har aldri vore spesielt tradisjonell av meg, og det har aldri vore nokon drøm med herregårdshus. Og dette huset passa godt på denne tomta, seier Ingrid Bygjordet Vaterland om huset som enkelt oppsummert kan kallast i slekt med med funkis-stilen.

I Nord-Fron måtte ein tidlegare bygge i såkalla tradisjonell stil, med saltak og minimum 22 graders helling. Saman med sambuar Joacim Myhre er Ingrid kjempeglad for at reglane nå er lempa på.

­– Det er heilt strålande. Og kanskje kan fleire kaste seg på bølgja. Vi syns eigentleg det er rart at kommunen har hatt så strenge reglar på dette, seier dei to til Dølen.

Lempar på reglane

Planleggar i Nord-Fron kommune, Hanne Kristine Risdal, seier til Dølen at endringa er kome for å bli.

I samband med planprosessen kring dette byggefeltet vart det diskutert kor rigid ein skulle vera i forhold til byggeskikk og takform i nye hytteområde og bustadfelt. Dette er ei oppfølging av det. På eit anna byggefelt i kommunen, Midtmoen, er det også lempa på. Der går vi bort frå saltak som einaste takform. Det same gjeld Skreddarstugufeltet, der endringane kom etter flommen i 2011, seier Risdal.

Også kommunen ser at trendane er meir varierte og litt meir moderne bygg.

– Og da må kommunen også vera i takt med tida?

– Ja, det kan ein seie.

Sjef for areal og nærig i Nord-Fron, Egil Tofte, har eit enda lengre perspektiv.

– Byggestil vil bli eit tema i prosjektet Vinstra 2046, seier Tofte, som meiner det er bra å få inn nye element i bygningsmassen.

– Det vil vera forskjellige syn på dette, og i samband med utvikling av til dømes nye hyttefelt, har det vore sagt at det er fint om det er heilskapleg i forhold til eksisterande bygg. Men det kan vera bra å få inn nye element nokre stader. Det same gjeld for bustadområde, seier Tofte.

Tenkjer tradisjonelt

Attende i Solhellinga, der sola i følgje Ingrid og Joachim aldri går ned, diskuterer vi kva folk eigentleg syns om huset dei bygger.

– Vi veit at det er delte meiningar. Mange syns det er veldig kult, andre kallar det eit «spesielt hus, men med fin utsikt», ler Ingrid.

Funkisstilen var etablert i midten av 1920-åra. Likevel er det langt mellom funkishusa her omkring, sjølv hundre år etter Le Corbusier. Kanskje er vi døler litt sidrompa?

– Det er ein veldig tradisjonell måte å tenkje på, også hos utbyggarane, meiner Ingrid og Joacim.

Saltaket dominerer

Og ser ein på bustader og leilegheitsbygg oppført av utbyggarar i Midtdalen er det framleis saltaket som dominerer. Det var uansett ikkje eit alternativ for Myhre og Vaterland. Nå håper dei deira val kan inspirere andre.

– Vi håper at dette kan vera til inspirasjon for andre i etableringsfasen, og kanskje for folk som tenkjer på å flytte heim til Midtdalen. Kanskje ser dei at, jo, det går an å bygge moderne også her, seier Ingrid og Joacim avslutningsvis.

– Byggetradisjonane utviklar seg – også i Gudbrandsdalen

Det seier Morten Randen i Nordbohus. Men også dei bygger framleis flest tradisjonelle hus.

Randen og Nordbohus bygger både for eiga rekning og på bestilling. Dei er glade for at kommunen nå lempar på reglane.

– Vi er veldig positive til at dei game reglane vart løyst opp. Tidlegare var det veldig begrensa, og halvparten av dei husa vi har i vår katalog fekk vi ikkje bygge. Slik sett er dette eit kvantesprang, seier Randen, som er glad for at ein har fått ei endring.

– Byggetradisjonane utviklar seg – også i Gudbrandsdalen. Det er ikkje slik at torvtak og småruta glas er vedtekne byggeforskrifter her, seier Randen.

På adressa Solhellinga skal Nordbohus bygge to bustader. Båe i relativt tradisjonell stil, men eitt av husa er med valmtak. Randen kallar det ei gradvis tilnærming til nye reglar.

– Det er framleis slik at det er etterspurt hus med saltak og 22 graders takvinkel. Men vi ser at fleire ønskjer meir moderne løysingar i retning flattak og store glasflater, og vi går nok i den retning når vi etter kvart går i gang på feltet Barrustmoen på Vinstra. Vi skal prøve oss fram, avsluttar Randen.

– Vi syns eigentleg det er rart at kommunen har hatt så strenge reglar på dette, seier Joacim Myhre og Ingrid Bygjordet Vaterland Foto: Bjørn Sletten