Det kjem fram i ei pressemelding sendt frå styreleiar Lasse Røssland, seint fredag kveld.

Pressemeldinga kjem rett før pinshelga, etter at femten tilsette sette fram varsel om konkurs i selskapet tidlegare i mai.

Krev uteståande løn og feriepengar

Kravet frå dei tilsette er på 571 000 kroner, og dette vart forkynt Panorama hotelldrift den 6. mai, etter det Dølen kjenner til.

Dermed skulle selskapet i prinsipp vore begjært konkurs 20. mai, etter regelen om 14 dagars varsel.

Kravet frå dei tilsette gjeld løn og feriepengar som ikkje er utbetalt, og gjeld alle tilsette, femten i talet.

I følge pressemeldinga frå Røssland i Panorama hotelldrift, er årsaken til at selskapet ikkje har tent pengar, konflikt med tilsette.

- Det har vist seg umogleg å oppnå finansiering så lenge selskapet har slike varsla rettssaker hengande over seg, fordi kostnadane til advokathjelp kan havne i millionklassa sjølv om selskapet skulle vinne saken, heiter det i pressemeldinga.

Lova løn etter driftstilskot

Dølen har sett brev frå Røssland der selskapet har lova dei tilsette å innfri lønskravet i mars, da dei skulle få driftstilskot på omlag ein million kroner av eigarselskapet Scoop AS, som er eigd av Ola Moe. Det skjedde ikkje, og konkursvarsel vart sendt av dei tilsette, som er representert av Codex advokater, ved Fredrik Lund Skyberg.

Parallelt med konkursvarsel er det også varsla rettsak mot dei tidlegare arbeidsgjevaren frå fleire av dei tilsette.

Tidlegare denne månaden kunne Moe fortelja at overføringa av nyoppussa hotell skulle skje i midten av juni.

Klokka 11.30 kom denne meldinga på e-post til Dølen:

- Rondablikk AS, som eier av Rondablikk høyfjellshotell, tar til etterretning varsel fra hotelldriftsselskapet, Panorama hotelldrift AS, om at selskapets styre etter aksjeloven er forpliktet til å melde oppbud.

Rondablikk AS berøres ikke av konkursen og varsler samtidig at det vil bli sørget for at hotellet vil åpne som tidligere annonsert den 12.06.16. Vi kommer tilbake på hvilken løsning som velges her.

Dølen følger opp saka.