Festivalen på kvamsfjellet, som har vore utseld sidan før jul, blir arrangert rett utanfor døra til Rondablikk høgfjellshotell. Fredag kveld kom meldinga om at driftsselskapet på hotellet er konkurs.

Hotelleigaren forsikrar

- Eg er ikkje bekymra, Rondaståk går som planlagt. Vi har fått forsikringar om at nye folk vil vera på plass 20. mai, og at det opnar nyoppussa helga før Rondaståk, seier Grauphaugen.

Forsikringane har han fått frå eigar av Rondablikk AS, Ola Moe.

Moe seier i ei pressemelding laurdag føremiddag dei tek til etteretning at driftsselskapet må gå til oppbod etter aksjelova, men at Rondablikk AS ikkje er berørt av konkursen, og at det vil bli sørga for at hotellet opnar 12. juni.

- Vi kjem attende til kva løysing som blir vald her, seier han i pressemeldinga.

Grauphaugen seier at dei i Rondaståk disponerar utearealet, og ikkje har noko med hotellet inne å gjera, slik sett.