Fyrst ut er E6 på strekninga nordover frå Fåvang kyrkje.

- I alt skal det leggast nesten fem mil med ny asfalt på E6 i Gudbrandsdalen denne sommaren, seier byggeleiar Kjell Eide i Statens vegvesen i ei pressemelding.

På båe stadane blir arbeidet tydeleg skilta, og ledebilar vil følge trafikken gjennom arbeidsområdet, heiter det vidare i pressemeldinga.

Her kan du lese kva for strekningar i Midtdalen som skal asfalterast i sommar.

Oppmodar til å kjøre forsiktig

Eide seier dei som arbeider med asfaltlegging er avhengige av at bilførarane tek hensyn og køyrer forsiktig i arbeidsområdet.

- I samband med asfaltarbeid ser vi dessverre rett som det er farlege situasjonar og nestenulykker som lett kan ende som alvorlege ulykker. Eg vil be trafikantane om å respektere skiltinga og dei som dirigerer trafikken. Dei står utsett til, dei som må arbeide «midt i vegen», seier Eide.