Resultatet er ikkje direkte uventa for ordførar Arne Fossmo. 74,3 prosent av dei som gav stemma si, sa nei.

- Ein kan nok tolke resultatet dit at folk har det bra. Det er attendemeldingar vi har fått frå folk, dei fleste tykkjer det er bra slik vi har det, seier Arne Fossmo.

Vil følgje rådet

Fossmo gjekk før følkerøystinga ut og sa at han ville følgje rådet frå denne, dersom frammøtet vart akseptabelt.

- Det er det med god margin, og eg vil be kommunestyregruppa mi om å respektere dette rådet, seier han.

Han meiner kommunane har jobba godt og at informasjonen som har kome ut har vore tilstrekkeleg nok.

- Vi har fått gode attendemeldingar frå Fylkesmannen om prosessen, seier han.

Likevel ser han at det kan vera vanskeleg å få fram at det er snakk om utfordringar som kjem om 10-20-30 år.

- Å sjå 20-30 år fram i tid er vanskeleg, både for politikarar og andre, men det er klart det blir forandringar. Og utfordringar. Men det trur eg i skal greie, seier han.

Les mer i papirutgaven av Dølen torsdag.