Det er Statens Naturoppsyn og Nord-Fron kommune som saman arrangerer turen til Liadalan naturreservat. Heilt fram til femtitalet gjekk lokalvegen til Skåbu her.

Perle i nærområdet

Nå er vegen halde i stand som tursti, og arrangørane vil at folk skal få augene opp for denne fine turen så nære Vinstra. Klokka seks torsdag morgon går følget.

– Arne Uhlen fra Kvikne og Anders Haugen fra Ruste blir med som lokalhistoriske guidar, Kjølv Falklev frå SNO er fuglekjennar på turen og Kari Kveseth tek hand om det botaniske, seier Finn Bjormyr.

– Det spesielle med Liadalan naturreservat er at det ligg så tilgjengeleg, og ikkje treng tilrettelegging for å bli ein «nærtur», sidan gamle Skåbuvegen går gjennom området, seier Anders Nybakken, Plan- og miljøkonsulent i Nord-Fron kommune.

Kommunen ønskjer at området skal bli brukt av lokalbefolkninga og gjerne også folk på gjennomreise.

– Det viktigaste er å få gjort denne perla kjent blant folk, seier Nybakken.