Forprojektet, som gjekk ut på å få presentert ei veke i Skåbu for engelske skular, fekk allereie i fjor støtte frå fylkeskommunen.

Tre skular er med

Seinare har to av lærarane ved Skåbu oppvekst vore i Storbritannia for å presentere fjellbygda og kva dei kan tilby.

- To skular er interessert, ein London-skule, og ein skule på Isle of Wight, fortel rektor ved Skåbu oppvekst, Ola Sletten.

Går alt etter planen, har den eine skulen med elevar til Skåbu allereie veke 10 neste år.

Landar pakkeløysing

Nå skal forprosjektet sorterast og oppsummerast, før vegen vidare blir lagt. Midla dei nå har fått til pilotåret 2017 skal lande opplegget, slik at det er ei ferdig pakke for aktuelle skular. Sletten trur det vil bli enklare å selja inn opplegget til potensielle Skåbugjestar når ein har eit konkret opplegg som er utprøvd.

- Vi legg vekt på at det skal bli eit bærekraftig opplegg som kan gje ei varig løysing. Det er det desse midla skal gå til, seier han.