Dei tre gospelkora Fri Gospel, Rondane gospelkor og Fåberg gospelkor sto saman med amerikanske Taylor på scena i ei framsyning hakket meir laus i snippen enn korsang strengt tatt er kjent som her heime. Publikum skal med, opp og stå!

Så er det også snakk om ein skikkeleg kapasitet på området, når Taylor står på scenen. Han har jobba saman med storleikar som Stevie Wonder, Jill Scott, Earth Wind and Fire og Kenny Lattimore, heiter det i omtala frå Rudi gard.

Og publikum var med, om enn litt forsiktig i starten.

- Unik oppleving

Inger Blytt Vestad og Andrea Brendhaugen frå Fri Gospel i Ringebu er klare på at å synge med Jason Taylor har vore ei unik oppleving. Saman med dei andre koristane frå kora Fri Gospel, Rondane gospelkor og Fåberg gospelkor har dei øvd inn det nye repertoaret sidan nyttår.

- Det er spennande å få synge saman med Jason, og utruleg lærerikt, seier dei to, som har vore med i Fri Gospel sidan oppstart i 2012.

Vi møter dei laurdag i Ringebu, der dei har øvingar fram mot konserten med Taylor, på Rudi gard sundag kveld.

I tillegg til nye songar, mellom anna Taylors eigne i nokre nummer, har opplevinga også gjort meir med gospelsangen til trauste gudbrandsdøler.

- Det er spennande å lære skikkeleg amerikansk gospel på den måten. Han viser oss korleis vi kan føle musikken på ein annan måte, seier dei.

- Medan vi har musikken liksom i og rundt hovudet når vi syng, har han musikken i og rundt heile kroppen, forklarar Vestad.

Det var noko også publikum i ein fullstappa låve på Rudi gard fekk sjå og kjenne. Trøkket var voldsomt da kora og Taylor avslutta med Joyful, joyful - solistar frå Fri Gospel bidrog også i så måte.