Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer dei fem finalistane i konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk.

– Viktig med måltidsglede

– God mat og drikke syter for trivsel og livsglede. Eg er glad for å sjå at så mange alders- og sjukeheimar deltok i konkurransen. Alle dei fem finalistane i år har oppnådd ein høg poengsum. Det viser at mange sjukeheimar har stor kunnskap og merksemd på kva god mat og måltidsglede har å seie for dei eldre på institusjon, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Om lag 200 alders- og sjukeheimane deltok i konkurransen Gylne måltidsøyeblikk 2016.  Fem av dei har utmerka seg.

– På grunnlag av spørjeskjemasvar, her dei oppnådd dei høgaste poengsummane. Det var mogleg å oppnå 80 poeng, og dei fem finalistene har alle oppnådd meir enn 74 poeng, heiter det i pressemeldinga frå Landbruks- og matdepartementet.

Blanke ark i finalen

I finalerunden vil alle dei fem sjukeheimane få besøk av representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Forbrukerrådet og Pårørendeaksjonen. Representantane vil danne grunnlaget for ei innstilling om kven som fortener å vinne Gylne Måltidsøyeblikk 2016. Både dei tilsette, bebuarar og pårørande vil bli høyrde. Tema for samtalene vil mellom anna vera mat, matglede, tilrettelegging av mat og måltid, bruk av lokale råvarer, og heilskapleg kvalitet. Filmsnuttar, bilete og intervjuguidar vil bli brukt for å fange opp atmosfæra på staden.  I finalen vil alle dei fem sjukeheimane stille likt. Vinnaren vil få ein premie på kr 10.000,- i løpet av hausten 2016.

Dei fem finalistane i Gylne Måltidsøyeblikk er:

•             Vanylven omsorgssenter, Møre og Romsdal

•             Økernhjemmet, Oslo

•             Sundheim Bo- og treningssenter, Vinstra, Oppland

•             Gloppen omsorgssenter, Sogn og Fjordane

•             Løten Helsetun, Hedmark

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer finalistane. Her frå besøk i Midtdalen i februar i år. Foto: Guro Vollen/arkiv