Historia om Furusjøen Rundts fyrste femti år vart lansert i bokform laurdag.

Per Fredriksen frå Kvam har ført boka i pennen.

- Det har vore eit givande og morosamt arbeid, seier Fredriksen til Dølen.

Han innrømmer at han er spent på mottakinga.

- Det er klart eg er det. Men eg håper at mange vil finne mykje interessant historisk stoff her, seier Fredriksen.

Dølen kjem attende med meir om boka i torsdagens papiravis.