På jordene rundt omkring i Midtdalen poppar det i desse dagar, tradisjonen tru, fram rundballar, eller "traktoregg" på folkemunne. Men i år er det ikkje berre dei tradisjonelle kvite traktoregga som dominerer.

– Sidan februar har Felleskjøpet seld rosa rundballeplast og –nett. Frå juni blir resultatet løpande synleg over heile landet, og innan hausten er Norge krydra med rundt 200 000 rosa rundballer, skriv Felleskjøpet i ei pressemelding.

Brystkreftforskning

Dei rosa rundballane er eit bidrag til brystkreftforskning frå bønder, Felleskjøpet og plast- og nettleverandørar, men sjølv om farga er den same, har kampanjen ikkje nokon sammenheng med Rosa sløyfe-aksjonen som går føre seg i oktober kvart år.

– I tillegg til å samle inn pengar til brystkreftforskning har vi som mål å skape merksemd og sette fokus på ein viktig og alvorleg sak. Vi har derfor oppfordra bønder til å legge ballane så nær offentleg veg som mogleg, så synleg som mogleg, seier Jan Håvard Kingsrød, rosa plast-general og ansvarleg produktsjef i Felleskjøpet.

Ved kjøp av ein rull rosa plast eller nett blir 30 kroner donert til brystkreftforskning – i eit spleiselag mellom bonden salsstaden og plastleverandørane.