Det er Statens vegvesensom skriv dette i ei pressemelding tysdag.

Det skapte overskrifter over heile landet da den nye limtrebrua på Sjoa kollapsa i vinter.

Rekk ikkje til desember

Planen har i følgje vegvesenet heile tida vore å få ny bru på plass til ny E6 opnar i desember.

– Nå viser det seg at brua ikkje kjem opp før i 2017. Dei formelle prosessane tek lenger tid enn planlagt, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

– Heile tida har vi visst at vi har dårleg tid, men det viser seg at prosjekterings- og godkjenningsprosessane tek lenger tid enn vi hadde håpa. I 2015 kom det nye reglar for bygging av bruer. Vi ønskjer imidlertid Perkolo bru gjenoppbygd med tilsvarande geometri og form som den opprinnelege brua. Det gjer at vi ikkje rekk å få opp brua til vegopninga i desember, seier prosjektleiar for E6-utbygginga i Gudbrandsdalen, Taale Stensbye i Statens vegvesen.

Blir stengt inntil seks veker

Som om ikkje det er nok: Nyvegen må stengast i fire til seks veker når brua endeleg er klar for motering utpå nyåret.

– E6-trafikken blir da ført over på gamle E6 over ein strekning på ca. 6 km mellom krysset på Sjoa-krysset og Kjørem bru. Statens vegvesen vil forsøke å legge denne perioda til ei tid med minst mogleg trafikk og dermed gi minst mogleg ulemper for trafikantane, opplyser vegvesenet. Størst konsekvensar får likevel bruforseinkinga for brukarae av atkomstvegen til to order og åtte skoområdet som brua leier til.

– Statens vegvesen er allereie i dialog med dei berørte med sikte på å finne gode løysingar for deira verksemd, heiter det avslutningsvis i pressemeldinga.