For den velkjente papp-tømmeplanen frå Midt-Gudbrandsdal Renovasjon (MGR) har dumpa ned i postkassa for siste gong. Nå er det app og data som gjeld.

– Dette gjer vi for å følgje med i tida, og for å gjere det litt lettvinnare for folk, seier avdelingsleiar i MGR, Geir Ove Kolobekken til Dølen.

App og data

Med appen «Min renovasjon» kan du nå følgje med på når dei forskjellige søppelkassene dine skal tømmast, og du kan få varsel dagen før bilen kjem, slik at du til dømes hugsar å sette ut sekken med plastavfall.

Dei same funksjonane, med unntak av varselet, får du også på heimesidene til MGR, forklarar Kolobekken.

– Når du har lasta ned appen søker du opp din kommune og din adresse, og da skal planen din ligge der. Da blir det enkelt å halde oversikt, seier Kolobekken.

Ventar reaksjonar

Appen inneheld også all info – og litt til – som fanst på den gamle tømmeplanen i papirformat. Vanlegvis har den vorte distribuert til alle husstandar i Midtdalen i romjula. Men ikkje i år.

– Vi kjem ikkje til å sende ut tømmeplan for neste år, bekreftar Geir Ove Kolobekken.

– Redd for reaksjonar?

– Vi veit at det kjem til å bli litt støy. Kanskje er det helst dei eldre som vil sakne tømeplanen. Derfor går vi samtidig ut med info om at dei som ønskjer hjelp til å skrive ut tømmeplan kan få det, både hos oss og hos sørvistorga i dei tre kommunane, seier Kolobekken.

MGR lanserte appen i mai, og alle kan nå gå inn å søke opp si eiga adresse. – Og om det skulle vera at nokon ikkje finn adressa si, så ta kontakt med oss, slik at vi får lagt det inn i systemet, avsluttar Kolobekken.