Gjennom dei gamle fjøsveggane på Høye Gard i Ringebu sprinklar sola sommarstrålane sine på for lengst tome kubåsar. Nå har arkitektfirmaet Snøhetta gitt frå seg dei fyrste skissene til det som kan bli eit «nytt» fjøs på Høye, i skalet av det gamle fjøset.

Ti overnattingsbåsar med utsikt mot det vakre dalføret, møterom, spa-avdeling og bibliotek skal etter planen danne ramma rundt eit leiarutviklingsprogram av internasjonalt format.

– Norske bedrifter sender folk på leiarutvikling over heile verda. Det er ei stor målgruppe der ute som leiter etter leiarprogram. Her blir det både spektakulært og ekte, og dersom vi tør å tenkje internasjonalt vil den nasjonale marknaden komme etter, seier Siv Sviland Høye.

Morgondagens bjøllekyr

Eit av suksesskriteria er eit spektakulært overnattingstilbod til deltakarane. Og det er her låven kjem inn i biletet. For kva er vel meir naturleg når morgondagens «bjøllekyr» skal formast, enn å gjere det i det gamle fjøset?

– Snøhetta skal ikkje bygge nokon ny glaslåve. Det er gjort før. Men det enkle er ofte det beste, og vi syns det er bra at dei har tatt utgangspunkt i låven og ønskjer å ta vare på den. Det er genuint og det er ekte, forklarar Høye.

Kostbart prosjekt

Bestillinga frå TIMBR var ti overnattingsplassar. Snøhetta svara med å teikne ti «båsar», foreløpig med namn etter Dagros, Litago og andre firbeinte som huserte i fjøset før.

Hittil har TIMBR brukt husa på garden til overnatting for deltakarar på leiarprogramma sine. Men til sommaren tek Siv og mannen Kjetil med seg barn og lausøre og fløtt heim til Høye. Da trengs nye overnattingsmoglegheiter.

Dei er klar over at dei ikkje valte billegaste alternativ år Snøhetta vart invitert inn i prosjektet. Totalt kan byggeprosjektet komme opp i 15-20 millionar kroner.

– Samtidig er det ei unik moglegheit å ha med seg Snøhetta, seier Kjetil og Siv.

Dette er ei forkorta versjon av ein artikkel som stod på trykk i Dølen 30. juni. Abonnere på Dølen? Klikk her!

Arkitektane i Snøhetta har teikna om låven til Kjetil og Siv på Høye gard. Målet er ti overnattingsbåsar i fjøset. Prislapp: 15-20 millionar kroner. Foto: Bjørn Sletten