- Vi skulle eigentleg markert ti år i mai, men bli heilt ferdig med oppussinga av kafedelen fyrst. Dessutan kjører vi nå inn nye maskiner i bakeriet, så det er mykje på ein gong, seier Anne Gunn Brendstuen, som står for den daglege drifta. Ho og mannen Steinar, som jobbar i produksjonen, tok over bakeriet for ti år sidan.

Dobla på ti år

I vår landa styret vedtaket om å bli verande i Nedregate. Lenge var bakeriet i forhandlingar om å flytte produksjonen til lokala der tidlegare Matkroken heldt til i Øvregate, men det vart stopp rett før flyttinga vart bestemt.

Bedrifta hadde også tilbod om å flytte produksjonen til dei gamle trykkerilokala på Dahlemoen ved Otta, men etter runder i styret vart heller ikkje dette noko av, og bedrifta blir i Nord-Fron.

Til hausten held dei fram med produktutvikling, der planen fyrst og fremst er å vidareutvikle produkta dei allereie har.

- Nye ting er det jo heile tida, og når vi nå bestemte oss for å halde fram her, var det viktig for oss å gjera noko grep med kafeen også, seier ho.

Nytt møblement og ei stor oppussing har vorte gjort i bakeriutsalet.

Bakeriet på Vinstra er ei av dei største produksjonsbedriftene i Nord-Fron, og har 25 tilsette fordelt på 16 årsverk. På dei ti åra Brendstuen har vore eigarar, har omsetninga dobla seg.

- Men skal vi auke produksjonen meir nå, må vi setja inn eitt arbeidsskift til, seier ho.

Maskinparken i bakeriet er opprusta. Her er brødemna klare for "kvilebandet", før utrulling og plassering på steikebrett. Terje Storødegård og Steinar Brendstuen demonstrerer. Foto: Guro Vollen