På veg mellom Jotunheimvegen og Heimdalen såg han noko blått i kjørra bortafor ein bekk.

– Der låg ein ballong, med påfesta papirlapp frå avsendaren – i England. Eg er ganske sikker på at den må ha kome tidleg søndag, slik som det regna laurdag, seier han.

Papirlappen hadde ikkje antydning til å ha vore råka av regn.

Masseslepp av ballongar

Stacey Spence ved Studfall Infant School i Corby, England, blir begeistra og overraska over telefonen frå Dølen, og seier at ballongane frå småskulen for 4-11-åringar vart sendt til værs fredag 1. juli, to dagar før den vart funne att.

Ballongsleppet gjekk føre seg på skulen i nærleiken av Leichester klokka tre lokal tid.

Vesle Jake Scott sitt namn sto på lappen som var festa på ballongen Nils Hage fann. Han var ein av elevane som sendte til saman 150 ballongar til værs, i The Grand Balloon Race. Den av elevane som fekk attende lapp frå den lengstsevande ballongen innan torsdag denne veka, vann racet. Jake er fire år (og ti månader!) fekk fredag overrekt premien sin, framfor heile skulen i ei samlingsstund.

Stacey Spence tykkjer det er heilt utruleg at ballongen har reist så langt; distansa i luftline er 1145 kilometer. Spence fortel torsdag denne veka at dei berre fekk att to av ballong-lappane frå konkurransen, den eine frå ein stad i England, den andre frå Skåbu.– Sjølvsagt vart Hages ballong den lengstreisande ballongen, skriv Spence i ein e-post til Dølen.

Godt vær for det

– Når du til og med seier at det ser ut til at den ikkje har vore utsett for regn er det enda meir utruleg, særleg med tanke på at ballongen også måtte ut av regnfulle England, ler ho.

Meteorolog Jan Inge Hansen på Meteorologisk institutt seier at ferda til ballongen ser sannsynleg ut, med tanke på været frå fredag ettermiddag da den vart sendt opp, og fram til funnet.

– Litt opp i atmosfæren var det sørvestleg vind over Nordsjøen og Skagerrak, som dreia på sør innover Norge. Det ser logisk ut, at ballongen hamna der, sannsynlegvis i løpet av laurdag eller natt til søndag, seier han.

Fare for frostsprenging

– Eigentleg er konkurransen ei av aktivitetane vi har i samband med National Sports Week i veke 25, men på grunn av regnvær vart det utsett, fortel Spence.Ein sjekk på internett syner at fleire selskap tilbyr pakkeløysingar for ballongslepp, mellom anna for skular. Det er ein måte å samle inn pengar på, ved at deltakarane kjøper ballong med lapp på.

Det er i følgje denne nettsida sjeldan at ballongane kjem intakte ned att – dei fleste når høgder med låg temperatur, frys og sprekk opp i småbitar.

– Den var ikkje lenge på å reise eit stykkje, nei, seier Nils Hage, som snart får ei overrasking i posten frå Studfall Infant School.

Saken er oppdatert sidan den stor på trykk i Dølen 7. juli.

Ballongane vart sluppe frå skulen i England 1. juli, og vart funne av Nils Hage i Skåbu 3. juli om morgonen. Foto: Studfall Infant School