Og ikkje berre bokstaveleg - full sal sørga for temmeleg varmt vær inne i salen, men også på scena var temperaturen høg. Det er tydeleg ein revygjeng som kjenner kvarandre og kan spela på det, da Skåburevyen feira Liv Lågå ti år.

Varierte nummer

Og revyen er, som bygda, liv lågå.

Dei klassiske revysparka til kommune og ikkje minst nabokommunar var med, likeeins kommunesamanslåingar i diverse variantar. Framtidsvisjonen også. Og Vinstra fekk ein god omgang om sentrumsutvikling.

- I Lomoen skal det byggast i vill uorden i stål, plast og bølgeblikk. Skal du bygge pent må det bli an stad enn på Vinstra!

Gapskratten slapp laus godt før pausa, og forsking på reinrasa skåbygging og elg gav forklaring på elging - i vid forstand.

I ei lita bygd som Skåbu krevs kreativ næringsverksemd, og damene som starta sædbank for jegerar såg ut til å gjera god butikk. Tori Virik og Marit Skoe Kvålen er blaserte banktilsette, men det er ikkje noko for sarte sjeler, dette ...

Kreativ næring

Kreativ er også den nye varianten av yrkesutøving i Skåbu, for å sikre alle slags funksjonar i ei bygd, må ein gjerne la ein person ta seg av fleire. Tre eller fire på ein gong greide Gynekolog-frisør-mekaniker Heidi Maurstad. Godt dokumentert av Opplandsradioens Reidar Kjæstad, sjølvsagt.

Det er imponerande gode nummer innimellom, særleg når det er rom for å sleppe laus og briljere med rik språkleg fargelegging, som i monolognummmeret til Geir Grosberg i 'E å n Rædar' og Brødrene Johan, med Knut Morten, Per Steinar og Odd Rune Brendløkken. Berre sceneteppet går opp ligg folk av latter. Alle dialektorda gjer desse numra ekstra gode.

Eget jubileumsband

Nemnast må også jubileumsbandet, om skal ha vore håndplukka frå samvirkelaget og så langt som til Kvikne, til tiårsjubileet for Liv Lågå. Ungt og stødig band, og med det bra namnet Skåbu E Street band.

Velfortent får revyen ståande applaus til slutt, når premiera er over og ei ny pulje publikummarar står ute og ventar.

4. august blir det meir om Liv Lågå i Dølen