I store delar av Europa er det mange sjukdomar og parasittar blant dyr, som sjeldan er påvist i Noreg. Dei kan vere ein fare for både dyr, menneske og miljø, påpeikar Matttilsynet

Om du likevel vel å ta med deg dyr til utlandet er det viktig å hugse på at dei må vere ID-merka, ha eige pass og ha dei riktige vaksinane. På Mattilsynet si nettside kan du finne dei nye reglane som gjeld for dyr på reise.

Mattilsynet åtvarar

I utlandet er det mange heimlause hundar og kattar som det kan vere fristande å ta med seg heim til Noreg. Det er ikkje ulovleg å ta med dyr heim så lenge dei oppfyller vilkåra, men Mattilsynet åtvarar folk på det sterkaste mot å gjera det.

Dyra kan nemleg ta med seg antibiotikaresistente bakteriar, parasittar og sjukdomar inn til Noreg. Sjølv om du har dei nødvendige papira på dyra, kan dette vere ein falsk tryggleik. Mattilsynet har oppdaga fleire tilfelle der informasjonen i veterinærpapira frå utlandet ikkje har vore korrekt. Over 70 prosent av nye menneskesjukdomar kjem frå dyr, og difor er det viktig at folk brukar hovudet og ikkje tek med seg dyr som dei ikkje kjenner smittehistoria til.